høyesterett_konvertittsak

UDI og UNE kom til at det ikkje var farleg for den kristne konvertitten å dra tilbake til Iran og nekta asyl. Har UNE vurdert saka riktig?

Det skal Høgsterett sjå på når dei handsamar saka 29. – 30.3.

Det sentrale spørsmålet er kva for rettslige rammer som gjeld når forfølgingsrisikoen handlar om dei moglege fremtidige handlingane til ein søkar etter retur til heimlandet.

Høgsterett skal òg vurdere om søkaren etter retur til Iran vil utføre nye handlingar som kan føre til forfølging.

Saka handlar såleis ikkje om konverteringa er truverdig.

Dommen fra lagmannsretten

Det var UNE som anka saka etter at avgjerda blei kjent ugyldig av lagmannsretten.

Lagmannsretten meinte UNE brukte lova feil når dei kom til søkaren ikkje hadde ei velgrunna frykt for forfølging. Beviskravet ved prognosen for korleis søkaren vil opptre dersom han blir returnert til Iran, er «noenlunde sannsynlig», står det i dommen. Det var sannsynleg, meinte retten, at søkaren ved retur ville undervise i ei såkalla heimekyrkje i Iran, og etter kvart få ei ledande rolle og kanskje etablere ei eiga heimekyrkje.

Ein kallar det ein heimekyrkje når konvertittar samlar seg i private heim for å få opplæring i kristendom, lese i Bibelen, be og syng saman og sjå på forkynnande TV-program via kristne satellittkanalar frå utlandet. Heimekyrkjer er ikkje godkjende av iranske styresmakter.

Lagmannsretten meinte òg at ein ikkje kan nøye seg med å vurdere det første inngrepet frå iranske styresmakter, som typisk vil vere razzia og arrestasjon. Dette var noko som i seg sjølv ikke utgjør forfølging slik lova definerer det. Vurderinga må ha eit lengre tidsperspektiv, står det i dommen.

Dommen finn du her (lovdata.no)

Grunngjeving av anken

UNE grunngir anken blant anna med at lagmannsretten bygger på feil bruk av lova når dei baserer den fremtidsretta vurderinga av korleis søkaren vil opptre ved retur, på ei bevisvurdering. Kva som kan skje under bestemte føresetnader, er ikkje ei bevisvurdering, meiner UNE. Det er ein prognose om kva som er pårekneleg utvikling ved retur.

Når det gjeld den konkrete saka, er UNE ikkje einig med lagmannsretten i korleis søkaren vil opptre ved retur til Iran. Blant anna meiner UNE at søkaren ikkje vil ha ei ledande rolle i ei heimekyrkje og difor ikkje treng asyl (beskyttelse).

Handsama 120 Iran-saker

UNE vurderer situasjonen for konvertitter i Iran slik at nokre risikerer å bli forfølgde, og andre ikkje. Frå 2018 til 2021 handsama UNE sakene til om lag 120 borgarar frå Iran som hadde konvertert til kristendommen. Om lag ein av tre søkarar fekk eit opphaldsløyve.

Du finn fleire tal på konvertittsiden på une.no.

I praksisnotatet om forfølging på grunn av religion, kan du lese meir om kva praksis til UNE er i saker frå Iran (lenke).

Om saka

Saka gjeld ein borgar av Iran som søkte asyl i Norge i 2009. Han fortalde at han hadde blitt kristen etter å ha vore muslim og difor frykta iranske styresmakter. Både UDI og UNE kom til at han ikkje trengte asyl (beskyttelse). Tingretten kom seinare til at avgjerda var gyldig.

Fleire krav om omgjering endra ikkje resultatet. Da saka blei tatt til retten for andre gang, kom først tingretten, og deretter lagmannsretten, til at avgjerda til UNE var ugyldig.

Det er ikkje fyrste gong ei konvertittsak er oppe i Høgsterett. I ei dom frå 2021 greier Høgsterett ut kva for moment som er relevante og tungtvegande når UDI og UNE skal vurdere om ei konvertering er reell eller ikkje.