årsrapport_skjermbilde

UNE har levert rapporten for 2021 til Justis- og beredskapsdepartementet. Den er no tilgjengeleg på une.no.

Årsrapporten er UNEs årlege rapport om verksemda det førre året, og blir sendt til Justis- og beredskapsdepartementet.

I rapporten la direktør Marianne Jakobsen vekt på at UNE, som dei fleste andre verksemder, har vore prega av pandemien.

– Resultatkrava som vart sette for året vart ikkje nådd og saksbehandlingstid og alder på behaldninga auka frå året før, skriv ho.

Direktøren viste til to årsaker til dette:

  • Alderen på behaldning var allereie høg ved inngangen av året.
  • Produktiviteten har vore lågare enn føresett på planleggingstidspunktet, og det har tatt tid å styrke bemanninga i kjerneverksemda for å kompensere for dette.

UNE er likevel godt rusta for det følgjande året etter å ha tilsett nye saksbehandlarar i fleire omgangar, både for å erstatte tidlegare tilsette, men også for å styrke saksbehandlingskapasiteten ytterlegare. Tilsetjingane bidrog til å flate ut kurvene for saksbehandlingstid og alder på behaldninga mot slutten av året.

På trass av pandemien har UNE òg klart å gjennomføre nemdmøte nesten som normalt.

Ny strategi

Jakobsen nemner òg den nye verksemdsstrategien for 2022–2024, som gir UNE eit godt utgangspunkt for å gjere riktige prioriteringar for aktivitetar og tiltak dei kommande åra.

Vidare skriv ho dette om hovudmåla som departementet sette for UNE før året 2021:

– Eg meiner å kunne seie at UNE har nådd dei tre hovudmåla for ansvarsområdet til departementet innanfor migrasjonskjeda som vart sett for 2021. Vi har nedarbeida tala på ubehandla klagesaker asyl. Vi har etablert rutinar og godt samarbeid med PU, sjølv om returar i 2021 har vore krevjande på grunn av korona. Og vi har jobba med å utvikle vidare arbeidet med å sikre rett ID for personar som har fått rett til opphald i Noreg, skriv ho.

Les heile årsrapporten for 2021 her.