fagnotat_1500

At tryggleikssituasjonen i heimlandet forbetrar seg, eller at personen ein blir forfølgd av døyr, er eksempel på endringar i asylgrunnlaget som kan føre til opphøyr av flyktningstatus.

Når asylgrunnlaget til ein person endrar seg, kan det hende at hen ikkje lenger treng vern. I eit nytt fagleg notat skildrar UNE reglane for opphøyr av flyktningstatus etter utlendingslova § 37 fyrste ledd bokstav e.

Du finn heile notatet her (PDF).

Kva er opphøyr av flyktningstatus?

Opphøyr av flyktningstatus vil si at ein mister retten til flyktningstatus og asyl. Det skjer ikkje av seg sjølv, men styresmaktene kan fatte vedtak om det dersom asylgrunnlaget til ein person endrar seg. Internasjonalt vern er i utgangspunktet meint å vere mellombels, og erstattar vernet personen ikkje kan få i eige land.

Opphøyr av flyktningstatus påverkar ikkje tidlegare løyve, og gjer ikkje at ein mister andre løyve, for eksempel permanent opphaldsløyve. Det er heller ikkje til hinder for at den det gjeld kan få asyl på eit anna grunnlag.

Kva seier reglane?

Opphøyr av flyktningstatus regulerast av § 37 i utlendingslova (lovdata.no), som stiller opp ulike grunnlag for opphøyr i fyrste ledd bokstav a-f.

I § 37 fyrste ledd bokstav e står det:

«Ved siden av tilbakekall etter § 63 kan status som flyktning og oppholdstillatelse etter §§ 28 og 34 også tilbakekalles dersom utlendingen:

e. ikke lenger kan nekte å nyte godt av beskyttelse fra det landet utlendingen er borger av, fordi de forholdene som førte til at utlendingen ble anerkjent som flyktning (…) ikke lenger er til stede (…)»

Føresegna skal også tolkast i samsvar med artikkel 1 C nr. 5 i flyktningkonvensjonen (lovdata.no). Ordlyden stiller opp to grunnvilkår som må vere oppfylte:

For det fyrste må det ha skjedd ei endring i asylgrunnlaget til personen.

For det andre må endringa ha ført til at flyktningen kan få vern i heimlandet.

Endringa i asylgrunnlaget kan vere både individuell og generell. Ifølge norsk og internasjonal praksis må endringa også vere vesentleg og stabil.

Individuelle endringar som kan påverke asylgrunnlaget

Individuelle endringar kan for eksempel handle om at den det gjeld er forfølga av ein spesifikk person, og at denne personen døyr. Andre kan ha konvertert til kristendomen og konvertert tilbake etter å ha fått asyl.

Det kan også handle om legning. I 2010 behandla Høyesterett ei sak om ei iransk kvinne som hadde fått asyl i Noreg fordi ho var lesbisk (lovdata.no). Etter å ha fått asyl gifta ho seg med ein mann og fekk barn i Noreg. Då meinte norske styresmakter at ho ikkje kom til å leve som lesbisk dersom ho blei returnert til Iran. Høgsterett godtok at personlege endringar kunne gi grunnlag for opphøyr, og det har blitt lagt til grunn i seinare avgjerder.

Generelle endringar som kan påverke asylgrunnlaget

Politiske endringar eller endringar i den generelle tryggleikssituasjonen i heimlandet er eksempel på generelle endringar som kan vere grunnlag for opphøyr av flyktningstatus.

I 2017 behandla ei stornemnd i UNE to asylsaker frå Somalia. Bakgrunnen var ei forbetring i den generelle tryggleikssituasjonen i hovudstaden Mogadishu. Nemnda vedtok opphøyr i dei to sakene, men stilte samstundes opp eit «varsemdkrav». Det er ikkje nok at personen ikkje ville fått asyl i dag, og den generelle endringa må vere av ei viss lengd, meinte nemnda.

«Noko høgare» grad av tryggleik

Høgsterett har i fleire avgjerder slått fast at endringa i asylgrunnlaget må vere vesentleg og stabil. I ein dom frå 2018 (lovdata.no) uttalte Høgsterett også at ein person med flyktningstatus har oppnådd ein «noko høgare» grad av tryggleik enn den som ikkje har fått det. Å konstatere at personen ikkje har ei «velgrunna frykt for forfølging» på noverande tidspunkt er i seg sjølv ikkje nok.