UNE handsama 4701 saker i 2021. Det er historisk lågt. Og ikkje sidan 2007 har omgjeringsdelen vore så høg.

nøkkeltall2021.jpg

 

Tala kan avvike noko frå verksemdsrapportane til UNE og andre kilder grunna moglege korrigeringar og avrundingar i datamaterialet.

Tal på saker

4701 saker handsama UNE til saman i 2021. Aldri før har UNE handsama så få saker.

168 dagar per sak var den gjennomsnittlege sakshandsamingstida i 2021. I 2020 låg den på 130 dagar.

Asylsaker*

786 asylsaker handsama UNE. Det er historisk lågt. Heile sju av ti saker var krav om omgjering av UNE-vedtak. Det vil seie at berre tre av ti var klagesaker.

Asylland*

Asylsaker per land

Land 2021 2020
Iran 150 172
Irak 71 109
Afghanistan 68 76
Etiopia 68 72
Eritrea 59 40

UNE handsama flest asylsaker frå iranske borgarar, akkurat som i 2021.

 

Nemndmøte

270 saker blei avgjort i eit nemndmøte. Flest nemndmøte var det i asylsaker, saker om tilbakekall og utvising.

Endra vedtak

17 % av sakene blei omgjort. Ikkje sidan 2007 har delen omgjering vore høgare. Da var den på 19 %.

Lese meir?

Du kan lese meir om nøkkeltal for saksbehandlinga i UNE her.

* Tala dekker ikkje asylsaker som har blitt handsama etter Dublin-prosedyren.