tiltroundersøkelsen2022

I ei undersøking gjord av Opinion, svarer 59 prosent at dei har svært stor eller ganske stor tiltru til norske utlendingsstyresmakter. Dette er det nest høgaste som har vore målt i løpet av tjue år.

Kvart år blir eit representativt utval på tusen personar spurd om kva tiltru dei har til utlendingsstyresmaktene. Delen som sa at dei hadde svært stor eller ganske stor tiltru har på det lågaste vore 30 prosent og på det høgaste 63 prosent.

I den siste undersøkinga er delen med størst tiltru blant KrFs veljarar med 76 prosent. Deretter følger Arbeidarpartiets veljarar med 73 prosent. Tiltrua i desse veljargruppene har aldri vore høgare. Den lågaste tiltrua finn vi hos veljarane til Raudt og FrP med berre 42 prosent.

Som tidlegare år ser vi ein samanheng mellom tiltru og utdanningsnivå. Tiltrua er størst frå dei høgast utdanna. 65 prosent av dei med minst fire års høgare utdanning har tiltru til utlendingsstyresmaktene.

Tiltrua er framleis noko høgare blant menn enn kvinner. Blant menn er det 61 prosent som uttrykkjer tiltru, og blant kvinner 57 prosent.

Fordelt på alder er tiltrua størst frå aldersgruppa 45-59 år, der 64 prosent uttrykkjer tiltru. Likevel er dette den einaste aldersgruppa som i år har eit lite fall i prosentpoeng. I fjor låg det på 65 prosent. Tiltrua er lågast for aldersgruppa 18-29 år med 52 prosent. 

Direktør i UNE, Marianne Jakobsen, er godt fornøgd med resultata på årets undersøking.

- Fleire instansar innan utlendingsforvaltinga har ekstraordinære utfordringar no i samband med Ukraina-krisen. Det gjeld både UDI, IMDI og Politiets utlendingseining. Då er det godt å kunne stadfeste at befolkninga uttrykkjer så stor grad av tiltru, seier Jakobsen.

Undersøkingane blei gjennomførde 14.-20. juni 2022, og er gjord av Opinion for Utlendingsnemnda (UNE).