Bilde av møterom.

Ei lovføresegn frå 2018 seier at ein utlending med mellombels opphaldsløyve kan utvisast når utlendingen er avvist frå rett til å bli anerkjend som flyktning. Stornemnda skal no avgjera to slike utvisingssaker som reiser prinsipielle spørsmål om tilbakevirkning etter Grunnloven § 97.

Stornemnda skal behandle sakene til to personar 30. august. Dei har mellombelse opphaldsløyve i Noreg og har vorte avvist frå retten til å bli anerkjende som flyktningar i UNEs vedtak frå høvesvis 2018 og 2019 etter utlendingsloven § 74, jf § 31.
Nye lovføresegner om utvising på grunnlag av utestenging tredde i kraft i november 2018 , inntatt i utlendingslovens § 67 første ledd bokstav e (lovdata.no), som seier at ein utlending med mellombels opphaldsløyve kan bli utvist når utlendingen er avvist frå retten til å bli anerkjend som flyktning etter § 31. UDI har utvist begge klagarane etter denne avgjerda.

Reiser prinsipielle spørsmål om tilbakevirkning

Sakene er av prinsipiell tyding, og skal derfor behandlast i Stornemnd. Felles for begge sakene er at dei straffbare forholda som ligg til grunn for vedtaka om utestenging, vart gjort før den nemnde lovendringa (§ 67 første ledd bokstav e) tredde i kraft.

Den relevante forskjellen i dei to sakene er at i den eine saka vart vedtaket om utestenging fatta før den nye lova trådde i kraft, medan det vart fatta etter i den andre saka.

Hovudspørsmålet som skal vurderast av stornemnda er følgjeleg om utvising av klagarane etter utlendingslovas § 67 første ledd bokstav e er i strid med Grunnloven § 97, som bestemmer at «Inga lov må givast tilbakeverkande kraft».

Fakta

Fakta om stornemnd

Dei fleste saker i UNE blir avgjort av ein nemndleiar etter førebuing av ein sakshandsamar eller i eit nemndmøte av ein nemndleiar og to nemndmedlemmer. I heilt spesielle tilfelle blir ei sak avgjort av ei stornemnd.

Les meir om stornemnd: