Utlendingsnemnda (UNE) er klageinstansen for utlendingssaker og statsborgarsaker. Alle saker vi behandlar i UNE, har først blitt behandla av Utlendingsdirektoratet (UDI).

UNE er noko anna enn UDI, men reglane er dei same

Når ei klage på avslag frå UDI kjem hit til UNE, er det ein annan instans med andre tilsette som ser på saka. Dersom vi gir deg medhald i klaga di, gjeld ikkje avslaget frå UDI lenger.

Sjølv om det er andre folk som ser på saka di, er det dei same reglane som gjeld. Både UDI og UNE skal gjere vedtak som er rette ut frå norsk lov og internasjonale forpliktingar.

UNE skal sørgje for rettstryggleiken. Derfor les vi alle klager nøye for å sjekke om noko tilseier at vedtaket frå UDI skal gjerast om. Vi skal også arbeide effektivt. Derfor brukar vi ikkje meir tid på sakene enn nødvendig. 

Men vi skal aldri bruke mindre tid enn det vi treng for å kome fram til det rette resultatet. Resultatet skal vere korrekt ut frå regelverket og ut frå omsynet til likebehandling. Det vil seie at vi ofte vurderer nye saker opp mot praksis frå tidlegare saker som liknar.

Politikarane kan ikkje instruere UNE i enkeltsaker

Det er politikarane som avgjer lovene, reglane og instruksane vi arbeider etter. Men det politikarane avgjer, handlar om sakstypar og grupper av saker. Dei kan ikkje gå inn og styre i enkeltsaker. Derfor kan ikkje politikarane overprøve det vi kjem til i klagesaka di. Politikarane kan altså ikkje avgjere at du likevel skal få eit løyve dersom UNE har gitt deg avslag. Politikarane kan heller ikkje gjere det motsette, så dei kan ikkje avgjere at du skal få avslag dersom UNE har gitt deg eit løyve.

Det finst eitt unntak. For saker som «berører grunnleggende nasjonale interesser eller utenrikspolitiske hensyn», kan departementet gå inn i ei enkeltsak og avgjere at løyvet skal innvilgast.

Dersom politikarane lurer på om dei skal endre regelverket, kan dei setje saker på vent. Det vil seie at dei instruerer oss om å vente med å behandle ein viss type saker ei stund. På den måten får politikarane tid til å endre reglane utan at dei gamle reglane blir brukte i mellomtida.

Dersom politikarane lurer på om dei skal endre regelverket, men likevel ikkje set dei sakene vi har til behandling, på vent, held vi fram med å gjere vedtak etter dei gamle reglane som framleis gjeld.

Sakene blir avgjorde med god kompetanse og landkunnskap

Nemndleiarane våre er juristar med dommarkompetanse. Det vil seie at dei er kvalifiserte til å jobbe som dommarar i ein domstol. Nokre av dei har også gjort det.

Dei fleste saksbehandlarane våre er utdanna juristar. Men vi har også mange saksbehandlarar med anna høgare utdanning – til dømes statsvitarar, antropologar, historikarar og religionsvitarar. Mange av dei har fordjuping innanfor menneskerettar og folkerett. 

Nemndmedlemmene våre er oppnemnde etter forslag frå departement, Norges Juristforbund eller frivillige organisasjonar. Det er ikkje noko krav om at dei skal ha ein viss bakgrunn eller kompetanse, men mange er føreslått ut frå interesse, engasjement og kunnskapar.

I mange saker får vi hjelp frå landrådgivarar. Dei kjem frå ein instans som heiter Landinfo, og dei veit mykje om landa dei uttalar seg om. Dei hjelper oss med faktakunnskap om situasjonen i dei ulike landa, men landrådgivarane er ikkje med på å avgjere resultatet i sakene.

Det er ikkje alle spørsmål som er skildra i regelverket. I mange saker må dei som avgjer sakene, bruke skjønn. Ofte kan det vere noko som talar for, og noko anna som talar imot å gi eit løyve. Då må vi vurdere kva som skal vege tyngst.

Når våre folk brukar skjønn, må det likevel ikkje vere tilfeldig. Vi har god kunnskap om kva politiske omsyn som ligg bak reglane. Vi har også god oversikt og kunnskap om tidlegare praksis.

Vi i UNE arbeider ikkje med retur eller busetjing

Når våre folk har behandla ferdig klaga over avslaget til UDI, er vi ferdige med saka. Det hender vi må sjå på saker på nytt når nokon spør om det, ut frå nye opplysningar. Dette blir kalla omgjeringskrav. Men elles, når saker er ferdigbehandla i UNE, er det andre instansar som tek over der vårt ansvar sluttar.

Arbeidet vårt og avgjerdene våre her i UNE har mykje å seie for det arbeidet som blir gjort med retur i Politiets utlendingseining (PU) og busetjing i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi). Når saka di er behandla ferdig hos oss, står det i vedtaket kva som skal skje etterpå, og kven som då er ansvarleg. Vedtaket skal også fortelje deg om dei rettane eller pliktene som gjeld.

Vi har nokre kjerneverdiar som vi tek på alvor

I UNE har vi noko vi kallar kjerneverdiar, og det er dei tre orda «påliteleg», «open» og «respektfull». Desse orda seier noko om korleis vi skal opptre både eksternt og internt.

Med påliteleg meiner vi mellom anna at vi skal halde det vi lovar, og byggje på grundig kunnskap. I open legg vi at vi skal kommunisere klart og tydeleg. Med respektfull meiner vi mellom anna at vi skal ta deg på alvor og vise forståing for den du er.

Desse kjerneverdiane skal vi også tole å bli konfronterte med og minte på. For sjølv om ikkje alle kan få det resultatet dei ønskjer seg, vil vi at alle brukarane våre skal oppleve at vi er pålitelege, opne og respektfulle.