Advokaten eller ein annan fullmektig kan møte saman med klagaren, men dei kan ikkje møte åleine på vegner av klagaren.

Fullmektigen må:

  • sjå til at klagaren får vite når og kvar møtet finn stad og kva som er tema for møtet
  • fylle ut og sende inn «Svarskjema - Innkalling til nemnd» til UNE snarast mogleg
  • ta seg av eventuelle praktiske oppgåver som gjeld reise og overnatting for klagaren, slik som å få oppretta reiseprofil og kontakt med UNE sitt reisebyrå
  • informere klagaren om korleis eit nemndmøte går føre seg
  • informere UNE dersom klagaren treng særskild tilrettelegging
  • hjelpe/representere klagaren under møtet
  • informere om reglar for gyldig forfall, som i hovudsak er lik saker for domstolane

Slik kan du førebu personen du skal representere

Her ligg informasjon til klagaren om korleis eit nemndmøte går føre seg. Du bør oppmode klagaren om å lese informasjonen og sjå filmen før møtet. Det finst ein eigen film og særskild informasjon for barn som skal i nemndmøte.

Slik går nemndmøtet føre seg

Eit nemndmøte varer som regel i rundt seks timar, og det blir teke pausar med jamne mellomrom. Møtet ditt kan ta kortare eller lengre tid. Vi nyttar som regel tolk under møtet. Du må ikkje gjere deg avhengig av mobiltelefon, datamaskin eller anna utstyr som kan ta opp og overføre lyd og bilete. Du får nemleg ikkje ta med deg slikt utstyr inn i møterommet.

Målet med eit nemndmøte er å få fram nok informasjon om saka til at nemnda kan ta ei rett avgjerd. Du kan lese meir her: IR-04 Behandling og avgjørelse av saker i nemndmøte.

Kven kan vere fullmektig?

Klagaren kan sjølv velje fullmektigen sin. Ein advokat treng ikkje å leggje fram ei skriftleg fullmakt på førehand, men det må andre fullmektigar. Det er uheldig å blande roller, til dømes dersom helsepersonell som behandlar søkjaren, òg fungerer som fullmektig.

Praktisk informasjon

Utlendingsnemnda kan ta lyd- og biletopptak av nemndmøte og av saksførebuande samtalar, sjå utlendingsforskriften § 16-15. Dette blir vedteke av nemndleiaren i aktuelle saker.

UNE dekkjer naudsynte utgifter til reise og hotell. Etter at du har fylt ut skjemaet «Svarskjema - Innkalling til nemnd» på nettsida vår, må du sende ein e-post til supportoko@une.no og oppgi Oppmøte-ID for møtet. E-posten må innehalde informasjon om navn, fødselsdato og e-postadresse til alle som treng reise eller overnatting. UNE vil då bestille reiseprofil eller profilar til reisebyrået Egencia. Ei melding om oppretta profilar vil komme til desse e-postadressane.  

Deretter må du eller klagaren ta kontakt med reisebyrået for å bestille reise og hotell 

Reisebyrået nyttar faste hotell som UNE har avtale med. For tida har UNE avtale med Scandic Hotell Byporten og Scandic Hotell Oslo City. Det er ikkje mogleg å velje andre hotell, bortsett frå når avtalehotella er fulle. Du må reise på den rimelegaste og raskaste måten etter reiseregulativet til staten.

Du vil få all informasjonen du treng i brevet med innkallinga til nemndmøtet og i skjemaet du fyller ut. 

Egencia er reisebyrået som UNE har avtale med. Du må bestille fly/tog/hotell gjennom dette reisebyrået.

Før du bestiller reise må du kontakte UNE for å få oppretta ein reiseprofil hos Egencia. Kontakt UNE på supportOKO@une.no 

Når reiseprofil er oppretta kan du bestille reisa hos Egencia via telefon eller e-post:

Telefon:  24 14 06 19  (døgnopen)
E-post: customer_service@egencia.no

Bestillingar skal gjerast innanfor vanleg arbeidstid så langt det lèt seg gjere.

Klagarar som har bruk for overnatting, får inntil vidare tilbod om å bu på Clarion Collection Hotel Gabelshus i Gabels gate 16 på Frogner. Hotellet tilbyr frukost, lunsjpakkar og kveldsmat. Hotellet ligg omtrent 35 minutt gonge unna UNE sine lokale. Ein kan også ta trikken, til dømes nummer 13 frå Skillebekk og gå av i Dronningens gate.

Kontakt UNE på Mail_Inka@une.no dersom hotellovernatting er aktuelt for klienten din.

Vi kan dekkje reiseutgiftene til og frå lokala våre. UNE dekkjer vanlegvis berre reiseutgifter for personen som er kalla inn til møtet. Utgifter for andre personar blir berre dekte dersom det er avklara på førehand med innkallingskontoret i UNE. Behovet for ein følgjeperson eller lignande må grunngjevast godt. 

Dersom klienten din treng overnatting eller må reise med fly eller regiontog, må bestillinga gå gjennom reisebyrået Egencia.  Klienten treng og ein reiseprofil som krev at du har fylt ut skjemaet «Svarskjema - Innkalling til nemnd» på nettsida vår og deretter kontaktet UNE. Du får informasjon om hva du skal gjere i brev frå UNE. Etter at profil er oppretta må du, eller klienten sjølv, ta kontakt med reisebyrået for å bestille reise og hotell.  

Dersom klienten din skal reise med T-bane, buss eller trikk, må han eller ho sjølv leggje ut for billetten. Klienten kan sende billettkvitteringa til oss og få pengane attende. Vi dekkjer vanlegvis ikkje utgifter til taxi. Det må de i så fall avtale med innkallingskontoret på førehand.

Barn kan ikkje vere med i nemndmøte dersom dei ikkje er kalla inn. Det er foreldra sitt ansvar å finne nokon som kan passe barn som ikkje skal vere med på nemndmøtet.

Innkallingskontoret svarer berre på spørsmål om innkallingar til nemndmøtet.

Telefon: 906 37 951 
E-post: mail_inka@une.no

Har du spørsmål rundt reise og overnatting, bruk e-postadressen supportoko@une.no

Dersom du har andre spørsmål, må du ta kontakt med svartenesta vår på telefon:(+47) 21 08 50 00. På denne sida finn du meir informasjon om korleis du kan kontakta UNE. 

Du må sende ein søknad til UNE med ei oversikt over talet på timar som har gått med for å førebu saka.

Du kan lese meir om dekking av sakskostnader her:

Gateadresse: 6. etasje i Stenersgaten 1 B/C, samme bygg som Oslo City