Dei fleste sakene vi vurderer, er frå Iran og Afghanistan. Konvertittar frå Afghanistan får beskyttelse fordi dei risikerer å bli forfølgde. I Iran er situasjonen slik at nokre risikerer å bli forfølgde, og andre ikkje.

Mange som søkjer beskyttelse i Noreg, seier at dei har konvertert til kristendomen. Dette gjeld særleg asylsøkjarar frå Afghanistan og Iran. Dei fleste av dei fortel at dei har konvertert etter at dei kom til Noreg som asylsøkjarar, medan nokre seier at dei konverterte i heimlandet.

Situasjonen for kristne konvertittar er ikkje den same i desse landa. Afghanske konvertittar risikerer å bli forfølgde dersom dei reiser attende. Det avgjerande spørsmålet i desse sakene er om personen faktisk har konvertert. I Iran kan du leve som konvertitt utan å bli forfølgd, og då er det avgjerande spørsmålet korleis personen lever ut den kristne trua si.

Du kan lese meir om praksisen vår i konvertittsaker i praksisnotatet Forfølgelse på bakgrunn av religion.

I alle konvertittsaker nyttar vi informasjon frå Landinfo og andre kjelder som grunnlag for å vere oppdaterte på kva personar som har konvertert, risikerer i heimlandet.

Utvida rett til nemndmøte

I august 2021 blei utlendingsforskrifta endra slik at konvertittar fekk ein utvida rett til å få saka si handsama i eit nemndmøte. Det tyder at asylsaker og saker om vern mot retur skal handsamast i nemndmøte i dei tilfella der spørsmålet er om ei konvertering eller eit fråfall frå eit religiøst livssyn er truverdig. Den utvida retten til nemndmøte gjeld berre når spørsmålet om konvertering ikkje allereie har blitt handsama i eit nemndmøte eller av ein domstol. Du kan lese meir om endringa i denne aktuelt-saka.

Afghanske konvertittar

Kristne konvertittar risikerer å bli forfølgde i Afghanistan, og afghanarar som har konvertert til kristendomen, vil difor få beskyttelse i Noreg. Det avgjerande spørsmålet i konvertittsaker som gjeld personar frå Afghanistan, er difor om konverteringa er truverdig eller ikkje. Dette spørsmålet vurderer vi i kvar einskild sak.

Søkjaren si eiga forklaring om trua si er den mest sentrale faktoren i vurderinga av om søkjaren har konvertert. At ein sluttar seg til islam er eit grunnleggjande vilkår for grupper sin status og posisjon og for einskildpersonar si stilling innanfor eit kollektiv, først og fremst storfamilien. Vi ventar at ein afghanar som forlèt islam, har gjort seg nokre tankar om kva følgjer dette kan få, både for han sjølv og familien hans. Vi legg òg vekt på dåpsattestar og utsegner om den kristne aktiviteten til søkjaren. Det at ein søkjar har late seg døype og har delteke i kyrkjelydsaktivitetar, er likevel ikkje nok til å slå fast at han har konvertert. I dom LB-2014-34531 (ekstern lenkje) skreiv lagmannsretten at folk i nokre tilfelle kan vere svært aktive i kristne fellesskap fordi dei ønskjer at utlendingsstyresmaktene skal oppfatte dei som truande. Representantar for kyrkjelyden, som ikkje alltid kjenner til kva søkjaren har forklart tidlegare, kan ha eit anna inntrykk av kor truverdige opplysningar er enn det UNE har. Vanlegvis har ikkje medlemmane av kyrkjelyden andre opplysningar om søkjaren enn det personen sjølv fortel.

På sakstypesida for Afghanistan kan du lese meir om korleis vi vurderer saker frå Afghanistan. Der finn du òg eit utval av kjelder som vi følgjer og nyttar i vurderingane våre.

Talet på afghanske konvertittsaker 2018 - 2021

UNE har handsama om lag 130 avgjerder der konvertering var eit tema i perioden frå 2018 til utgangen av 2021. Nesten 35 % av desse avgjerdene blei handsama i nemndmøte. Det har blitt teke meir enn éi avgjerd i nokre av sakene i løpet av perioden, slik at dei rundt 130 avgjerdene gjeld om lag 90 personar. Av desse 90 personane har om lag 23 % fått eit løyve.

Ikon Afghanistan 500x500.png

Konvertittsaker Afghanistan

Nøkkeltal 2018 - 2021

rettsklubbe 66x66.png
Om lag 130 avgjerder

der konvertering var eit tema

personikon 66x66 (1).png
Om lag 90 personar

nokon fekk fleire avgjerd i si sak i perioden.

Grønn_Nemndmøte.png
Nesten 35 %

av avgjerdene blei handsama i nemndmøte.

grønn hake ikon 66x66.png
Om lag 1 av 5 personar

fekk eit løyve

Iranske konvertittar

Iran er ein islamsk republikk der religionen har ei sentral rolle, og ein kan bli straffa for fråfall frå islam. Men det er ikkje alle iranske konvertittar som risikerer å bli forfølgde. Sannsynlegvis er risikoen liten for ein kristen konvertitt som held ein låg profil og ikkje driv med nemnande utadretta aktivitet. Den avgjerande faktoren i dei fleste konvertittsakene som gjeld personar frå Iran, er difor ikkje om søkjaren har konvertert, men kor aktiv personen vil vere dersom han eller ho reiser attende til heimlandet.

Vi ser på korleis personen det gjeld, lever ut den kristne trua si i Noreg for å finne ut korleis det er sannsynleg at søkjaren vil leve om han reiser attende til Iran. Vi legg vekt på dåpsattestar og utsegner frå kyrkjelyden eller andre støttespelarar om konverteringa og kristen aktivitet. Dersom søkjaren fortel at han eller ho konverterte i Iran, kan det ha noko å seie. Så vurderer vi om søkjaren er aktiv på ein måte som han vil bli forfølgd for dersom han reiser attende til Iran. Det må vere tale om ein reell risiko for at ein person skal få beskyttelse i Noreg.

På sakstypesida for Iran kan du lese meir om korleis vi vurderer saker frå Iran. Der finn du òg eit utval av kjelder som vi følgjer og nyttar i vurderingane våre.

Talet på iranske konvertittsaker 2018 - 2021

UNE har handsama om lag 170 avgjerder der konvertering var eit tema i perioden frå 2018 til utgangen av 2021. Nesten 30 % av desse avgjerdene blei handsama i nemndmøte. Det har blitt teke meir enn éi avgjerd i nokre av sakene i løpet av perioden, slik at dei rundt 170 avgjerdene gjeld om lag 120 personar. Av desse 120 personane har om lag 30 % fått eit løyve.

Ikon Iran 500x500.png

Konvertittsaker Iran

Nøkkeltal 2018 - 2021

rettsklubbe 66x66.png
Om lag 170 avgjerder

der konvertering var eit tema.

personikon 66x66 (1).png
Om lag 120 personar

nokon fekk fleire avgjerd i si sak i perioden.

Grønn_Nemndmøte.png
Nesten 30 %

av avgjerdene blei handsama i nemndmøte.

grønn hake ikon 66x66.png
Om lag 1 av 3 personar

fekk eit løyve.

UNE har fått medhald i dei fleste rettssakene

I nokre konvertittsaker blir UNE stemna for retten. Då avgjer retten om avgjerda til UNE er gyldig eller ikkje. Dersom vedtaket er gyldig, får UNE medhald. Figurane viser talet på dommar frå 2017 til 2021 i saker der konvertering var eit tema og søkjaren kom frå Iran eller Afghanistan. Det kom to høgsterettsdommar i perioden, og Høgsterett gav UNE medhald i begge.

Tingretten 2017 - 2021

Lagmannsretten 2017 - 2021

Tala er baserte på manuelle registreringar, og vi tek atterhald om at det kan finnast saker som ikkje er registrerte, eller som er registrerte på feil måte.