UNE vurderer om det er reell fare for at asylsøkjaren vil bli forfølgd i framtida. Sjølv om ein asylsøkjar har opplevd overgrep eller trugsmål i heimlandet sitt tidlegare, kan vi likevel kome til at det er trygt å reise attende.

Vi stadfester UDI sitt vedtak i dei aller fleste asylsakene vi handsamar. I 2021 gav UNE eit løyve i 25 % av sakene. I resten av sakene blei UDI sitt vedtak ståande. I mange av sakene var grunnen at vi ikkje trudde på forklaringa til asylsøkjaren, og i andre saker var grunnen at vi meinte at det uansett var trygt å reise attende til heimlandet.

Kva vurderer vi?

Ein asylsøkjar kan få beskyttelse i Noreg dersom dei norske styresmaktene meiner at det er farleg for søkjaren å reise heim. Asyl vil seie at søkjaren får beskyttelse i Noreg. Reint konkret tyder det at han får opphaldsløyve her. Då får søkjaren flyktningstatus og asyl. Når vi vurderer om ein søkjar skal få beskyttelse (asyl), ser vi på om søkjaren kan bli forfølgd eller utsett for andre alvorlege krenkingar i framtida. Det kan til dømes vere tale om alvorleg vald eller langvarig fridomstap. Sjølv om ein asylsøkjar har opplevd overgrep eller trugsmål i heimlandet tidlegare, kan vi likevel kome til at det ikkje vil vere farleg å reise attende.

For å kunne få beskyttelse må søkjaren ha god grunn til å vere redd for å bli utsett for alvorlege overgrep eller andre former for forfølging på grunnlag av:

  • etnisitet
  • avstamning
  • hudfarge
  • nasjonalitet
  • religion
  • medlemskap i ei spesiell sosial gruppe, eller
  • politiske meiningar

Dette følgjer av FN sin flyktningkonvensjon og utlendingslova. Det er eit vilkår at styresmaktene i heimlandet ikkje kan eller vil beskytte søkjaren. Noreg kan òg gje beskyttelse til søkjarar som «står i reell fare for å bli utsatt for dødsstraff, tortur eller annen umenneskelig eller nedverdigende behandling eller straff» i heimlandet. I slike tilfelle treng ikkje det søkjaren risikerer, å ha noko å gjere med politiske meiningar, religion eller nokon av dei andre grunnane som er nemnde i FN sin flyktningkonvensjon og utlendingslova.

Dersom vi meiner at søkjaren er forfølgd, men at det er mogleg å reise til og vere trygg i delar av heimlandet, gjev vi ikkje beskyttelse. Då meiner vi at søkjaren kan busetje seg der. Dette blir kalla for internflukt. Reglane om internflukt byggjer på eit prinsipp om at søkjarar som kan få beskyttelse i heimlandet, ikkje har rett til beskyttelse i Noreg eller i andre land. Vi viser søkjarar til internflukt i mange typar saker, til dømes i saker som gjeld personar frå Irak.

Dersom ein asylsøkjar gjer seg skuldig i eit alvorleg lovbrot, kan han eller ho miste retten til å få asyl. Dette heiter utelukking (eksklusjon). Ingen skal sendast attende til tortur eller mishandling. Dette gjeld òg dei som er ekskluderte. Eit slikt vern mot utsending er eit grunnprinsipp i norsk og internasjonal rett, og vi tek alltid omsyn til dette.

Vi vurderer alltid om søkjarar som ikkje får flyktningstatus, i staden skal få opphaldsløyve på humanitært grunnlag.

UNE avslår mange asylsaker fordi vi ikkje trur på forklaringa til asylsøkjaren. Når vi vurderer om ei forklaring er truverdig, ser vi på heile saka. Mellom anna ser vi på om forklaringa er samanhengande, konsekvent og logisk. Dessutan vurderer vi forklaringa i høve til andre opplysningar i saka, mellom anna informasjon om det landet asylsøkjaren kjem frå.

UNE avslår òg ein del saker fordi vi meiner at søkjaren ikkje risikerer å bli forfølgd eller utsett for andre alvorlege krenkingar i heimlandet, sjølv om forklaringa til asylsøkjaren er truverdig. Vi bygger vurderingane våre på ulike kjelder, mellom anna rapportar frå Landinfo (ekstern lenkje)UNHCR (ekstern lenkje), informasjon frå ulike organisasjonar og rapportar frå immigrasjonsstyresmaktene i andre land.

Nokre saker avslår vi fordi søkjaren ikkje treng beskyttelse, men ønskjer seg eit betre liv i Noreg. Desse sakene kjem ikkje inn under definisjonen i lova og flyktningkonvensjonen av kva det vil seie å vere flyktning. 

Det er ulike grunnar til at menneske søkjer asyl. I mange av sakene fortel søkjarane at dei er redde for styresmaktene i heimlandet. Mange seier at dei er politisk opposisjonelle eller høyrer til ein utsett minoritet, til dømes at dei er homofile eller har ei anna tru enn fleirtalet i heimlandet. Nokre er redde for grupper i heimlandet, einskildpersonar eller si eiga slekt. Andre igjen fortel at dei er redde for å reise attende fordi heimlandet generelt ikkje er ein trygg stad å vere.

UNE kan gje beskyttelse eller opphaldsløyve på humanitært grunnlag sjølv om UDI avslo søknaden. Dei vanlegaste grunnane er at situasjonen har endra seg etter at UDI avgjorde saka, eller at vi vurderer asylforklaringa eller risikosituasjonen på ein annan måte enn UDI. Det kan òg vere avgjerande for UNE kva følgjer det vil ha for barn om klagen blir avslått. 

 

Du bør alltid få fram kvifor du er usamd med UDI. Dersom UDI meiner at forklaringa di ikkje er truverdig, kan du oppklare eventuelle mistydingar og gje meir utfyllande opplysningar om saka. Då bør du òg skrive kvifor du ikkje gav ei grundigare forklaring, til dømes i asylintervjuet. Dersom UDI meiner at du ikkje risikerer alvorlege krenkingar i framtida, kan du utdjupe kvifor du meiner at det ikkje stemmer.

Dersom du har nye opplysningar eller ny dokumentasjon som er viktig for saka, kan du sende dette til oss så snart som mogleg. Samstundes bør du forklare kvifor du ikkje har gjeve opplysningane eller skaffa dokumenta tidlegare.

Dersom det har oppstått ein heilt ny situasjon, må du dokumentere det. Om du til dømes har fått alvorlege helseproblem, må vi få ei oppdatert helseerklæring.

Statistikk for UNE

Tala inkluderer klagesaker og førespurnader om omgjering av vedtak som UNE har gjort.

Saker handsama i 2021
781
Saker handsama i 2020
1103
Prosentdel nemndmøte 2021
13 %
Prosentdel nemndmøte 2020
10 %
Prosentdel endra vedtak 2021
25 %
Prosentdel endra vedtak 2020
16%

Nemndmøte i UNE kan gå føre seg med eller utan klagaren til stades.

Endra vedtak tyder at UNE har teke klagesaka eller førespurnaden om omgjering heilt eller delvis til følgje.