UNEs årsrapport 2022

– Vi har levert godt på dei verksemdsspesifikke måla våre gjennom å få ned saksbehandlingstida på klagesaker og gjennom eit godt arbeid med korrekte vedtak, seier direktøren i UNE, Marianne Jakobsen.

Justisdepartementet, som UNE administrativt sorterer under, hadde to hovudmål for UNE i 2022:

  1. Klagarar får saka si korrekt behandla utan ugrunna opphald
  2. Alle som oppheld seg i Noreg, har avklart identitet og lovleg opphald

For klagesakene var den gjennomsnittlege saksbehandlingstida 162 dagar, ned frå 179 dagar i 2021. Medan saksbehandlingstida for omgjeringsoppmodingar og saker behandla i nemndmøte har gått opp. For å sikre tilstrekkeleg og jamn kapasitet til å behandle sakene har UNE i 2022 tilsett nye saksbehandlarar.

– Vi har også gjennom 2022 hatt kontinuerleg merksemd på å bidra til å sikre at dei som oppheld seg i Noreg, har avklart identitet og lovleg opphald, seier Jakobsen.

UNE har blant anna deltatt i prosjektet «Modernisering av person» (ModPerson). Det dreier seg om nye digitale verktøy for personregistrering og ID-avklaring som truleg blir tatt i bruk i 2024.

Færre asylsaker, men fleire fekk opphald

UNE tok imot totalt 5 415 saker i 2022, noko som er ein liten auke samanlikna med 2021. Den største saksgruppa i 2022 var arbeid/opphald, og den nest største var utvising.

For asylsaker har det vore ein markant nedgang. I 2022 fekk UNE inn 737 asylsaker, inkludert omgjeringsoppmodingar. For dei 649 asylsakene som UNE realitetsbehandla i 2022, var andelen omgjeringar 30,2 %. UNE behandla flest slike saker frå Iran, følgt av Irak, Afghanistan, Etiopia og Eritrea.  
 
I tillegg til behandling av klagesaker frå UDI utgjer behandling av oppmodingar om å gjere om UNE-vedtak og arbeid med sakene som går vidare til rettsapparatet, ein stor del av kjernearbeidet til UNE. I 2022 utgjorde oppmodingar om omgjering om lag ein femdel av vedtaka UNE gjorde i enkeltsaker.

Ikkje påverka av krigen i Ukraina

Russlands invasjon av Ukraina i februar 2022 og den flyktningstraumen som har oppstått som følgje av dette har ikkje hatt direkte innverknad på UNEs arbeid i 2022.

 – Men vi har bidratt indirekte gjennom å låne ut medarbeidarar til PU, UDI og JD for å avhjelpe eit akutt behov, seier Jakobsen.

Jakobsen forklarar at situasjonen i Ukraina gir stor grad av uvisse for korleis saksinngangen og innhaldet i porteføljane vil utvikle seg dei neste åra.

 – Med varierande prognosar og kapasitet, og med skiftande prioriteringar i UDI, må vi uansett framleis vere førebudde på å snu oss ganske raskt, seier Jakobsen.

Aldrande IT-system

– Evna vår til å kunne effektivisere og forbetre verksemda heng saman med den digitale utviklinga generelt, men også i kva grad det blir vedtatt å investere i teknologisk modernisering og utvikling meir spesifikt innanfor utlendingsforvaltninga, seier Jakobsen.

Ho forklarar at dagens system er aldrande, og det fører mellom anna til ei manglande evne til digital deling av informasjon og til å kunne utnytte potensialet i ny teknologi.

–  Vi er bekymra for at vi sit med eit saksbehandlingssystem som ikkje lenger er så stabilt eller så funksjonelt som vi treng for å sikre gode leveransar, seier Jakobsen.

Les heile årsrapporten for 2022 her (PDF).