praksisnotat2

Vi har oppdatert eit praksisnotat som beskriv vurderingane vi gjer i desse sakene.

Praksisnotatet tek for seg døme på vedtak som skal beskrive UNE sin praksis der det er lagt til grunn at klagaren blir rekna som flyktning (sjå utlendingsloven § 28 første ledd bokstav a, ekstern lenke) på grunn av medlemsskap i ei "spesiell sosial gruppe" (sjå utlendingsloven § 30 første ledd bokstav c, ekstern lenke).

Det opphavlege notatet er skrive i 2005 og har blitt oppdatert fleire gonger. I samband med den siste oppdateringa har UNE gått gjennom om lag 60 vedtak, og delt inn praksis etter sju hovudgrupper av temaet.

Kva er ein "spesiell sosial gruppe"?

Utlendingslova definerer "spesiell sosial gruppe" som ei gruppe menneske som har eit felles kjenneteikn ut over faren for å bli forfølgd, og som blir oppfatta som ei gruppe av samfunnet. Det felles kjenneteiknet kan vera noko ibuande eller som ikkje kan endrast. Det kan også vera ein måte å vera på eller ei tru som er så grunnleggjande for kven dei er, at dei ikkje kan forventast å oppgi ho.

Det er ikkje gjort tydeleg kva grupper som blir omfatta av definisjonen. Gruppa må definerast ut frå opplysningane i kvar enkelt sak. Det er ikkje eit krav at absolutt alle i gruppa risikerer forfølging, og storleiken på gruppa er ikkje viktig. Vidare kan heller ikkje gruppa aleine definerast ut frå forfølginga, ho må ha oppstått før forfølginga.

I saksbehandlinga vurderer UNE først om klagaren risikerer forfølging på grunn av kjenneteikn som er felles for ei gruppe menneske. Så ser vi på om kjenneteiknet i gruppa er slik at vilkåra er oppfylte.

I notatet beskriv UNE praksis for desse sju hovudgruppene:

  • Sårbare kvinner utan (mannleg) nettverk ved retur
  • Æresdrap/æresrelaterte forhold
  • Brot på sosiale normer
  • Tvangsekteskap
  • Slektskap med til dømes gerilja/opprørarar og så vidare
  • Frykt for seksualisert vald/framtidige overgrep
  • Ofre for menneskehandel

Dei fleste sakene gjeld kvinner

Gjennomgangen av praksis i dei ulike gruppene viser at det ofte ikkje er ei utfyllande vurdering av om personen tilhøyrer ei spesiell sosial gruppe, og om det er ibuande eller tilskrivne eigenskapar. UNE knytter hovudsakleg vurderingane til relevant landsinformasjon.

Praksisnotatet peikar også på at det er klagarar frå berre nokre få land som er representert i sakene. I dei fleste av dei tek ikkje UNE stilling til det klagaren hevdar og forklarer, og viser ofte til manglande truverd og samsvar mellom forklaringa til klagaren og kjend landsinformasjon.

Hovudtyngda av vedtak gjeld kvinner som hevdar ulike former for forfølging knytta til kjønn og brot på sosiale normer, og her er det flest saker frå Afghanistan. Kvinnene hevdar også ofte at dei manglar mannleg nettverk ved retur. Før Talibans maktovertaking i august 2021 var det vanleg at UNE avviste merknader om "kvinne utan nettverk". Oppdatert landsinformasjon viser no at mange har flykta, og det er usikkert kor mannlege familiemedlemmer er. På grunn av denne uvissa, innvilgar UNE i desse tilfella i større grad enn før.

Av dei 60 vedtaka UNE har gått gjennom, så er det ei svak overvekt av avgjerdsforma nemndmøte med personleg frammøte (sjå utlendingsloven § 78 første ledd, ekstern lenke).

Du kan lese heile praksisnotatet her.