Grafisk illustrasjon av mennesker rundt et bord i et nemndmøterom

Justis- og beredskapsdepartementet har innført endringar i utlendingsforskrifta som styrkjer retten til nemndmøtehandsaming ved spesifikke domstolsavgjerder og oppmodingar frå Sivilombodet.

Endringane gjeld i tilfelle der:

  • Domstolen har avgjort at Utlendingsnemnda si avgjerd er ugyldig, og avgjerda er rettskraftig.
  • UNE blir informert om ein rettskraftig avgjerd frå ein domstol, som ikkje gjeld nemnda sitt eige vedtak, men som tilsier at Utlendingsnemnda si avgjerd kan vere ugyldig.
  • Etter kritikk frå Sivilombodet der dei ber oss sjå på ei sak på nytt. 

I slike tilfelle skal det no som utgangspunkt gjelde ein rett til nemndmøtehandsaming, med mindre nemndleiar finn grunn til å gjere om resultatet i saka. Ein ny nemndleiar skal styre handsaminga av saka i nemndmøtet, og klageren skal som hovudregel få høve til å møte. Dette fylgjer av utlendingsforskrifta § 16-9 og § 16-12.

Bakgrunn

Endringane kjem som ei oppfølging av ei høyring som Justis- og beredskapsdepartementet gjorde i 2021 (regjeringen.no). I vårt høyringssvar slutta vi oss til departementet sitt forslag om at ei nemnd som hovudregel skal avgjera saker etter rettskraftig tap i retten og kritikk frå Sivilombudet. Departementet ser også på fleire forslag frå høyringa, mellom anna knytt til innsyn i interne saksmerknader, avgrensing av nemndmøtetema og fritt rettsråd for mindreårige i samband med saksførebuande samtalar.

Vil du vite meir?