Justis- og beredskapsdepartementet har innført endringar i utlendingsforskrifta som styrkjer retten til nemndmøtehandsaming ved spesifikke domstolsavgjerder og oppmodingar frå Sivilombodet.
Endringane gjeld i tilfelle der:
- Domstolen har avgjort at Utlendingsnemnda si avgjerd er ugyldig, og avgjerda er rettskraftig.
- UNE blir informert om ein rettskraftig avgjerd frå ein domstol, som ikkje gjeld nemnda sitt eige vedtak, men som tilsier at Utlendingsnemnda si avgjerd kan vere ugyldig.
- Etter kritikk frå Sivilombodet der dei ber oss sjå på ei sak på nytt.
I slike tilfelle skal det no som utgangspunkt gjelde ein rett til nemndmøtehandsaming, med mindre nemndleiar finn grunn til å gjere om resultatet i saka. Ein ny nemndleiar skal styre handsaminga av saka i nemndmøtet, og klageren skal som hovudregel få høve til å møte. Dette fylgjer av utlendingsforskrifta § 16-9 og § 16-12.
Bakgrunn
Endringane kjem som ei oppfølging av ei høyring som Justis- og beredskapsdepartementet gjorde i 2021 (regjeringen.no). I vårt høyringssvar slutta vi oss til departementet sitt forslag om at ei nemnd som hovudregel skal avgjera saker etter rettskraftig tap i retten og kritikk frå Sivilombudet. Departementet ser også på fleire forslag frå høyringa, mellom anna knytt til innsyn i interne saksmerknader, avgrensing av nemndmøtetema og fritt rettsråd for mindreårige i samband med saksførebuande samtalar.
Vil du vite meir?
- Du kan lese meir om forskriftsendringa i denne saka frå Justis- og beredskapsdepartementet (regjeringen.no)
- Forskrift om endringer i utlendingsforskriften (avgjørelsesform i
Utlendingsnemnda etter rettskraftig dom mv.) (regjeringen.no) - I denne saka kan du lese direktøren i UNE, Marianne Jakobsen, sitt syn på styring av lovtolking, skjønn og praksis i UNE.