Nemndmedlemmer_1500

– Vi har hatt ei tydeleg mangfaldserklæring i alle stillingsannonsar, og framheva fordelane med kompetanse på framandspråk og fleirkulturell forståing der det var relevant.

Det seier leiaren for HR-eininga i UNE, Hege Marie Hauge, idet ho summerer opp UNE sitt arbeid med mangfald, inkludering og likestilling i 2022.

Hauge fortel at UNE også har prøvd å unngå unødvendige krav eller formuleringar i stillingsannonsar som kan opplevast som hindringar. Ho meiner at den beste måten UNE kan sikre seg dei dyktigaste medarbeidarane på, er å gå breitt ut og søkje blant all tilgjengeleg kompetanse i samfunnet – også blant dei med ein annan bakgrunn enn fleirtalet.

UNE hadde ein høgare prosent jobbsøkjarar med innvandrarbakgrunn i 2022 enn det som har vore tilfelle tidlegare. Det same gjeld søkjarar med «hol i CV-ein», det vil seie søkjarar som ikkje har vore i jobb, utdanning eller opplæring i til saman to år dei siste fem åra.

– Samtidig ønskjer vi oss eit større mangfald blant dei i leiande stillingar. Vi har også færre søkjarar med funksjonshemmingar enn det vi skulle ønskje, seier Hauge.

Fakta

Rekruttering og mangfald i UNE

Tal frå 2022

Tiltak for auka mangfald

Mangfald, inkludering og likestilling er konkrete mål i UNEs verksemndstrategi. I 2020 sette UNE ned ei arbeidsgruppe som skal følgje opp arbeidet og sikre at mangfaldsperspektivet blir vareteke på alle nivå og område i organisasjonen. I tillegg til rekrutteringsarbeidet gjorde UNE blant anna desse tiltaka i 2022:

  • Leiarar og tillitsvalde deltok på webinarer og arrangement der mangfald, inkludering og likestilling var tema
  • Mangfald har stått på dagsorden i UNE sitt leiarforum. Leiarane følgjer opp arbeidet ute i avdelingane og einingane
  • Eksterne foredragshaldarar har halde foredrag og delt erfaringar i UNE