illustrasjonsbilde av mor og baby

Kva som er riktig type løyve for foreldre i saker der barn har fått asyl av UDI, skal ei stornemnd nå avgjere. Det har over tid vore ulik praksis i UNE.

Stornemnda skal handsame saka til ei mor 15. desember. Barnet hennar har fått eit løyve som flyktning (asyl) av Utlendingsdirektoratet (UDI) som følge av risiko for kjønnslemlesting.

Utlendingsnemnda (UNE) har over tid hatt ulik praksis i liknande saker. Det er bakgrunnen for at saka skal i stornemnd.

Kva for løyve som det er til barnets beste at ein forelder får, vil vere eit viktig tema for stornemnda.

Ulik praksis over tid

Før 2012 var praksisen til UNE å gi foreldre eit vanleg løyve på humanitært grunnlag etter utlendingsloven § 38. Dette har også vore slik Utlendingsdirektoratet (UDI) har praktisert regelverket. Det er ein enklare og rimelegare veg til eit løyve enn å søke om familieinnvandring.

Etter 2012 byrja praksis å endre seg. UNE nekta løyve og bad foreldre søke familieinnvandring hos UDI i staden.

I avgjerdene har UNE vist til forarbeida i utlendingsloven (Ot. prp. nr. 75) der det står på side 158 (regjeringen.no): «Dersom det er familierelasjonen som er det eneste eller det vesentlige tilknytningsforhold, skal saken vurderes etter bestemmelsene om familieinnvandring.»

Fleire foreldre har fått avslag

Fleire foreldre som har blitt bede om å søke om familieinnvandring, har ikkje fått eit mellombels løyve på humanitært grunnlag. Det er ofte saker der barnet allereie har ein forelder i Noreg med løyve, men det finst også eksempel tilbake i tid på at UNE har nekta aleinemødre eit løyve.

Ein utlending som er i Noreg utan løyve, kan risikere å bli utvist og få eit innreiseforbod.

Avgrensa løyve

Dei seinere åra har det blitt meir vanleg å gi eit såkalla avgrensa løyve på humanitært grunnlag for å sikre at barnet har forsvarleg omsorg mens foreldra søker om familieinnvandring. At løyvet er avgrensa tyder blant anna at den gjeld berre ein avgrensa periode, ofte eit år, og at den ikkje kan fornyast. Eit slikt avgrensa løyve blir gitt etter utlendingsloven § 38 femte ledd (lovdata.no).

UNE har ikkje tal på saker

UNE har ikkje tal på kor mange saker som er handsama opp gjennom åra. Ei kartlegging frå saker handsama i perioden mellom 2017 og 2020 rekna om lag 10 saker. Talet er hefta med usikkerheit blant anna fordi det er grunna på ei manuell telling, og ein går ut frå at det er saker som ikkje er fanga opp.

Felles for sakene er at barna er fødde etter at forelderen har fått endeleg avslag av UNE på søknad om asyl. Foreldra har da blitt verande i landet utan eit løyve og sidan etablert familie.

Fare for kjønnslemlesting gir asyl

Problemstillinga om kva for type løyve ein forelder får når det berre er barnet som får løyve som flyktning, kjem til dømes opp i saker om kjønnslemlesting. Det er klar praksis i UDI og UNE på at barn som står i fare for å bli kjønnslemlesta i heimlandet, får asyl. Da er det barnet som treng beskyttelse og får løyve som flyktning. Fordi ikkje foreldra treng beskyttelse, får dei ikkje asyl.

Du kan lese meir om praksisen til UNE i praksisnotatet om kjønnslemlesting.

Fakta om stornemnd

  • Dei fleste saker i UNE blir avgjort av ein nemndleiar etter førebuing av ein sakshandsamar eller i eit nemndmøte av ein nemndleiar og to nemndmedlemmer. I heilt spesielle tilfelle blir ei sak avgjort av ei stornemnd.
  • I ei stornemnd er det tre nemndleiarar og fire nemndmedlemmer som avgjer saka.
  • Stornemndavgjerder har presedensverknad for etterfølgande saker i UDI og UNE.
  • Kva for saker som kan avgjerast i stornemnd blir regulert av utlendingsforskrifta § 16-4 (lovdata.no). Det gjeld blant anna saker av prinsipiell tyding, saker med store samfunnsmessige eller økonomiske konsekvensar og saker på område der det er tendensar til ulik praksis.

Les meir om stornemnd: