UNE vil inntil vidare berre bruke nemndmedlemer frå Oslo-området ved gjennomføringa av nemndmøte.

UNE gjer dette av omsyn til smittevern og for å unngå press på offentleg kommunikasjon. Behovet vil vurderast kontinuerleg, og vi vil starte igjen med nemndmedlemer frå resten av landet når det er forsvarleg. Vi har fått fullmakt til dette i den mellombelse forskrifta frå regjeringa.

Vi har også lagt til rette for digitale nemndmøte dersom det blir behov for det, og slike møte er forsvarleg. Hovudregelen vil framleis vere at nemndmøter blir gjennomført på vanleg måte. Per i dag skjer gjennomføringa av nemndmøter som vanleg, men dei er underlagt smitteverntiltak.