digitaltmøtemennesker1.jpg

Dei nye reglane trer i kraft straks, skriv regjeringa i ei pressemelding.

Ei ny mellombels lovendring gir UNE høve til å gjennomføre nemndmøte som fjernmøte, og i større grad ta i bruk skriftleg saksbehandling. Lovendringa blei sanksjonert av Kongen i statsråd i går. Bakgrunnen er at koronasituasjonen har skapt eit behov for meir fleksibilitet i nemndbehandlinga.

- Dei fleksible reglane som no er vedteke, vil gi kortare ventetider og at delen ubehandla saker ikkje byggjer seg opp, seier justis- og beredskapsminister Monica Mæland (lenke til regjeringen.no).

Avdelingsdirektør Øyvind Havnevik fortel at UNE ynskjer å setje i gong med fjernnemdmøter så raskt som mogeleg.

- Ei intern arbeidsgruppe vil få ansvar for å leggje til rette for dette. Vi kjem med meir informasjon etter kvart, seier Havnevik.

Hovudregelen vil framleis vere at nemdmøter blir gjennomført på vanleg måte. Per i dag skjer gjennomføringa av nemdmøter som vanleg, men dei er underlagt smitteverntiltak.