Saka blei behandla i plenum med 19 dommarar og gjaldt ei asylsak om internflukt for ein familie frå Afghanistan.

UNE fekk medhald – eit fleirtal på 13 av 19 dommarar meinte at vedtaket frå UNE var gyldig.

Familien frå Afghanistan fekk endeleg avslag av UNE på søknaden om vern i 2013. Familien var frå ein provins i Afghanistan som UNE meinte ikkje var trygg. UNE meinte likevel at familien trygt kunne busetje seg i Kabul som internflyktningar. Vedtaket blei kjent ugyldig av Oslo tingrett og Borgarting lagmannsrett.

Vurderinga av kva som er til beste for barnet

Lagmannsretten meinte at UNE må leggje vekt på situasjonen til barnet i Noreg når UNE vurderer om internflukt i heimlandet er urimeleg (utlendingslova § 28 femte ledd). UNE meinte på si side at det berre er retursituasjonen til barnet og forholda i heimlandet som skal bli tekne omsyn til i asylvurderinga. Forholda i Noreg blir tekne inn i vurderinga av opphald på humanitært grunnlag (utlendingslova § 38). Dette var hovudgrunngivinga for at UNE anka saka til Høgsterett. Høgsterett gav UNE fullt medhald på dette punktet.

Ein samla Høgsterett meinte at ein ikkje skal samanlikne situasjonen til barnet i Noreg og Afghanistan når ein vurderer internflukt. Det er berre retursituasjonen og forholda på internfluktstaden som skal vurderast. Dette synet var basert på ein gjennomgang av lovteksten og førearbeida, statspraksis og dei internasjonale forpliktingane til Noreg. UNE skal gjere ei barnesensitiv vurdering av retursituasjonen, og ein skal leggje vekt på at søkjaren er eit barn. Det skal derfor mindre til for at internflukt er urimeleg for barn enn for vaksne. Dette var også i tråd med synet til UNE.

Andre prinsipielle spørsmål

Saka reiste også andre prinsipielle spørsmål. UNE fekk medhald på alle punkt bortsett frå spørsmålet om prøvingsretten til domstolane. Eit fleirtal på 10 dommarar meinte at domstolane har full prøvingsrett når ein skal vurdere om internflukt er urimeleg, men at domstolane skal vise eit visst måtehald.

Eit fleirtal på tolv dommarar meinte at grunngivinga for avslaget på opphald på humanitært grunnlag var tilstrekkeleg. Eit mindretal på seks dommarar meinte at vedtaket var ugyldig på grunn av saksbehandlingsfeil, fordi eitt av barna burde ha fått møte personleg og uttale seg i eit nemndmøte.