Lov og rett

Foto: Adobe Stock

UNE fekk 35 rettskraftige dommar i 2023. Det er det lågaste antalet rettssaker nokon sinne.

Oppsummeringa for UNE sine rettssaker i 2023 gir 66 prosent medhald totalt. Det vil seie at vedtaka blei kjend gyldig i 66 prosent av sakene. Det svarar til 23 av 35 rettskraftige dommar.

– I fjor hadde vi det lågaste antalet rettssaker nokon sinne, fortel avdelingsdirektør i UNE Ketil Larsen. – 35 rettskraftige dommar er låge tal når  UNE totalt behandla over 5700 forvaltningssaker i 2023.

Larsen fortel at domstolskontroll er ein viktig del av rettsvernet. I 2023 vart blant anna saker om asyl, utvising og familieinnvandring prøvd i domstolane.

– Medhaldsprosenten for UNE blei høgare i 2023 enn i 2022. UNE sitt mål er å treffe gyldige vedtak i alle saker. Men, vi kan likevel ikkje vente medhald i alle saker som blir prøvd av domstolane. Når ein sak har tvilsspørsmål, kan rettslege avklaringar være viktige for andre tilsvarande saker. Dommar kan også gi viktig læring tilbake til UNE.

Rettskraftige dommar

Statistikk

  Dommar Medhaldsprosent
Tingretten 21 62 %
Lagmanssretten 13 70 %
Høgsterett 1 100 %

Talet på rettskraftige dommar frå lagmannsretten er 13, som er vesentleg lågare enn i 2022. Då avsa lagmannsretten 26 dommar. 

Sakstypar

Dei fleste dommane gjaldt sakstypane asyl, utvising, tilbakekall og familieinnvandring.

Statistikk*

  Dommar Medhaldsprosent
Asyl 11 73 %
Utvising 8 73 %
Familieinnvandring 7 43 %
Tilbakekall 3 66 %

Annet

(§ 36, R-dok, EØS)

5 40 %

* Saker blir registrerte som berre ein sakstype i systema våre. Dette gjer at saker som fell under fleire sakstypar, for eksempel utvising og tilbakekall, er registrerte på berre ein av desse. Vi tek derfor atterhald om feil og manglar i talmaterialet.

Høgsterett

I 2023 var kun ein sak oppe i Høgsterett. I 2022 var det fire saker. Saka som blei bahandla i november 2023 handla om ein syrisk mann som hadde blitt utelukka fra asylstatus. Høgsterett oppheva dommen fra lagmannsretten der klagaren hadde fått medhald. 

Rettssaker i UNE

Visste du at...

  • UNE-vedtak som blir kjend ugyldig av retten, blir sendt tilbake til UNE for ny behandling av ein annan nemndleiar. Det gis såkalla utsett iverksetjing, slik at klagaren kan bli verende i landet fram til saka er behandla på nytt. Det nye vedtaket skal alltid vere i tråd med premissane i dommen.

  • Regjeringsadvokaten er UNE sin faste prosessfullmektig i sivile saker, men dei kan også gje saker til UNE si eiga prosedyreavdeling. Prosedyreavdelinga består av fagleg uavhengige advokatar. I nokre tilfelle fører advokatar fra Kluge CMS saker på vegne av UNE.

  • UNE har ei eiga gruppe med saksbehandlarar, eit såkalla lag, som jobbar med rettssaker. Laget skal sikre ei god og effektiv handtering av rettssaksarbeidet.