Praksisnotat kjønnslemlesting i asylsaker.png

Dersom ein asylsøkar har velgrunna frykt for å bli utsett for kjønnslemlesting, innvilgar UNE asyl. Vi har publisert eit nytt praksisnotat som skildrar vurderingane UNE gjer i desse sakene.

Notatet byggjer på ein gjennomgang av omtrent 40 asylsaker. Det sentrale spørsmålet i dei fleste sakene er om asylsøkaren har ein reell risiko for bli utsett for kjønnslemlesting ved retur til heimlandet.

I dei fleste sakene er det foreldre som er redde for at barna skal bli utsett for kjønnslemlesting. Når UNE innvilgar asyl (vern), er det som regel barnet som får status som flyktning. Foreldre og eventuelle andre familiemedlemer får vanlegvis ein opphaldsløyve på eit anna grunnlag, som oftast på humanitært grunnlag.

Kjønnslemlesting er forfølging

«Kjønnslemlesting» er her forstått som inngrep i det kvinnelege kjønnsorganet som skader eller påfører organet varige endringar. Det er hovudsakleg barn som blir ramma, og inngrepet blir vanlegvis utført av ufaglærde personar, utan bedøving, og under uhygieniske forhold. I tillegg til den umiddelbare integritetskrenkinga og smerta som inngrepet inneber, kan det gi langvarige helseproblem, fysiske så vel som psykiske. Kjønnslemlesting er utbreidd i ei rekkje land, særleg i Afrika.

Praksisnotatet viser at UNE ser på kjønnslemlesting som forfølging. Forfølging er definerte som «alvorlig krenkelse av grunnleggende menneskerettigheter» i utlendingslova § 29 (lovdata.no), noko som mellom anna heng saman med den europeiske menneskerettskonvensjonen sitt forbod mot umenneskeleg eller krenkjande behandling.

Generelle og individuelle forhold

Gjennomgangen viser at UNE innvilgar asyl dersom frykten for kjønnslemlesting er «velgrunna». I denne samanhengen tyder «velgrunna» at faren for kjønnslemlesting er reell. Om faren er reell eller ikkje, er vidare ei vurdering som UNE gjer i kvar enkelt sak. Her ser vi både på generelle forhold i heimlandet, og på individuelle forhold ved klagaren sin situasjon.

Generelle forhold er for eksempel utbreiinga av kjønnslemlesting i klagaren sitt heimland. Her kan det vere store forskjellar mellom ulike regionar og grupper. Korleis styresmaktene i landet stiller seg til kjønnslemlesting, og korleis dei jobbar for å hindre det, kan også bli lagt vekt på.

Individuelle forhold er for eksempel foreldra si eiga haldning til kjønnslemlesting. Eit sentralt spørsmål er ofte om foreldra vil kunne motstå press om kjønnslemlesting frå andre familiemedlemer. Vidare er foreldra sin økonomi og utdanning relevant for vurderinga. Ein økonomisk uavhengig familie vil ha betre føresetnader for å kunne motstå press.

Du kan lese heile praksisnotatet her.