asylsaker omgjøringsprosent.png

Tal frå dei siste fire åra viser at andelen asylsaker der UNE endrar det opphavlege vedtaket, har gått opp.

Det kjem stadig færre asylsøkere til Noreg. Det gjer at UNE får færre asylsaker til behandling. Samtidig har UNE endra vedtaket i ein større andel av sakene dei siste åra. Når UNE endrer eit vedtak, betyr det at klagen heilt eller delvis har blitt tatt til følgje.

Ein dykk i UNEs talmateriale gir oss følgjande oversikt:

2017: UNE behandla 5184 asylsaker, og endra 10 prosent.
2018: UNE behandla 2162 asylsaker, og endra 11 prosent.
2019: UNE behandla 1324 asylsaker, og endra 17 prosent.
2020: UNE behandla 1104 asylsaker, og endra 16 prosent.

Omgjeringsprosenten gjekk altså opp frå 2017-2019, og så litt ned i 2020.

Tala omfattar både klagesaker og omgjøringsanmodninger, og berre såkalla realitetsbehandla saker. Saker som er behandla etter Dublin-prosedyren er for eksempel ikkje tatt med, fordi dei ikkje blir realitetsbehandla i Noreg.

Høgast prosent for omgjøringsanmodninger

Nesten halvparten av sakene i oversikten er omgjøringsanmodninger. Det er saker der klagaren allereie har fått eit vedtak av UNE, men har bedt oss om å behandle saka ein gong til.

Når vi ser på fordelinga i omgjeringsprosent mellom omgjøringsanmodninger og klagesaker, ser vi også at UNE har endra vedtaket i forholdsvis fleire omgjøringsanmodninger enn i klagesaker.

Variasjonar mellom tidsepokar og porteføljar

Når det gjeld inneverande år, så viser ei oppteljing at UNE hadde behandla 253 asylsaker ved utgangen av mars, og endra vedtaket i 78 av dei. Det er ein omgjeringsandel på 31 prosent.

Torgeir Tofte Jørgensen leier avdeling for førebuing og saksflyt i UNE. Han seier at omgjeringsprosenten vil variere mellom ulike tidsepokar, og med kva for nokre saker UNE har behandla.

- Mange av dei UNE har gitt opphaldsløyve så langt i år, er personar frå Iran, Afghanistan eller Irak. Dei har fått opphald anten fordi dei treng vern, eller ut i frå humanitære omsyn, seier Jørgensen.

Jørgensen peikar også på at omgjeringsandelen på 31 prosent ikkje er spesielt representativ for kor mange vedtak UNE endrar over ein lengre periode.

- Denne oppteljinga er gjort tidleg på året, og baserer seg berre på 253 saker. Når det er færre saker, vil kvart enkelt vedtak ha større påverknad på prosenten, avsluttar Jørgensen.

Du finn fleire tal for asylsaker og andre sakstypar på våre statistikk-sider.