Bilde av Høyesterett

Foto: Adobe Stock

Skal UDI og UNE i asylvurderingane sine ta høgd for at ein asylsøkar kan bli returnert med tvang og vurdere om det aukar risikoen for forfølging? Det vil Høgsterett gå inn i når dei 1. september handsamar asylsaka til ein borgar frå Iran.

I dag bygger UDI og UNE sine vedtak på ein premiss om at asylsøkaren vil følge vedtaket og reise heim frivillig dersom det blir eit avslag. Det gjer at asylvurderingane vanlegvis ikkje går inn på om ein eventuell tvangsretur vil auke risikoen for forfølging.

Om dette er riktig rettsbruk, er noko som Høgsterett nå vil uttale seg om.

Det er sette av ein dag til rettsforhandlinga, som gjeld asylsaka til ei kvinne frå Iran. Asylsøkaren fryktar forfølging på grunn av det politiske arbeidet til bror hennar og fordi ho har konvertert frå islam til kristendom.

Det var UNE som anka saka til Høgsterett etter at vedtaket vart kjent ugyldig av lagmannsretten i dom datert 4. november 2019. Retten meinte at ho verken nådde terskelen for risiko for broren sin politiske aktivitet eller for konverteringa. Lagmannsretten kom likevel under tvil til at det var risiko etter ei samla vurdering av begge grunnlaga. Retten la blant anna vekt på at det i samanheng med ein eventuell tvangsretur kunne komme fram både kven bror hennar er og at ho har konvertert.

UNE meinte lagmannsrettens tolking og bruk av lova  i saka var feil (utlendingslova § 28 fyrste ledd bokstav a) og anka derfor dommen til Høgsterett. UNE sitt syn er at utlendingsstyresmaktene må bygge asylvurderingane sine på at ein asylsøkar vil følge vedtaket og reise heim frivillig dersom han eller ho får avslag.

Fakta om retur

  • Dersom UNE har avslått ein søknad om asyl, så meiner UNE det er trygt for asylsøkaren å reise tilbake. UNE har eit ansvar for at den vurderinga er riktig. Når asylsøkaren er tilbake i heimlandet, er det styresmaktene der som har ansvaret for tryggleiken til asylsøkaren, på lik linje med andre i landet
  • Ein asylsøkar som har fått endelig avslag frå UNE på sin søknad om beskyttelse, skal reise hjem frivillig. Hvis asylsøkaren ikkje gjer det, kan politiet transportere han eller ho ut av Noreg med tvang.
  • Det er Politiets utlendingsenhet som gjennomfører returer med tvang.