I desember 2014 blei utlendingsforskrifta endra for at det skulle bli lagt større vekt på i kva grad barn er knytte til Noreg, i vurderinga av opphald på humanitært grunnlag. Ein rapport Utlendingsnemnda (UNE) no har levert til Justis- og beredskapsdepartementet (JD), viser at det også blei resultat

Rapporten gjeld praksisen i UNE etter utlendingsforskrifta § 8-5, også omtalt som «varig ordning» i samarbeidsavtalen regjeringa har med KrF og Venstre. Rapporten tek føre seg 98 barnefamiliar som etter sjølve å ha bede om det har fått sakene sine behandla på nytt etter forskriftsendringa.

Felles for familiane er at dei tidlegare har fått avslag på både søknad om vern (asyl) og opphald på humanitært grunnlag. Dei har likevel blitt verande i landet og har seinare bede om å få det tidlegare avslaget gjort om. Rapporten viser kva praksis UNE har hatt med å gi opphaldsløyve i slike tilfelle fordi barna er knytte til Noreg.

Resultata viser at 80 av 98 barnefamiliar fekk opphald. Dette utgjer 82 prosent av familiane. Førre gong UNE leverte ein tilsvarande rapport om praksis i denne typen saker, i juni 2013, var det same talet 45 prosent. Over dei drygt to siste åra før forskriftsendringa i desember 2014 blei om lag 50 prosent av sakene gjorde om. Prosentdelen innvilga løyve i denne typen saker har dermed stige med meir enn 30 prosentpoeng etter forskriftsendringa.

Dei 80 familiane som fekk gjort om tidlegare avslag av UNE, omfatta 141 vaksne og 183 barn.

Dette er nokre av konklusjonane i rapporten: 

Den auka prosentdelen saker som blir gjorde om, og grunngivinga i vedtaka, tilseier at omsynet til kva som er til beste for barnet, og i kva grad barnet er knytt til Noreg, generelt sett har fått større vekt enn under tidlegare praksis.

Rapporten omfattar familiar med barn som gjekk på skule og hadde vore minst fire år og fire månader i Noreg. Praksis viser no som før at når barn som følgjer med familien, har opphalde seg i Noreg i minst fire og eit halvt år og gått minst eitt år på skule, er dette å rekne som ei tilknyting som i utgangspunktet utgjer sterke menneskelege omsyn. Forskriftsendringa førte ikkje til at denne terskelen blei senka, men at denne typen tilknyting vil ha sterkare vekt enn tidlegare. Det vil seie at tilknytinga no oftare blir avgjerande når ho blir vekta mot det ein kallar innvandringsregulerande omsyn.

Det er ikkje mogleg å fastslå sikkert kva konkrete familiar som no har fått bli, og som ikkje ville ha fått løyve før forskriftsendringa. For det første fekk om lag halvparten av familiane i liknande saker opphaldsløyve også før forskriftsendringa, og for det andre er det snakk om avgjerder etter skjønn i saker med varierande og ofte komplekse saksforhold.
Det er ikkje ei fast grense for når det blir gitt opphald på grunnlag av at barn er knytte til Noreg. Avgjerdstakarane i UNE har gjort konkrete skjønnsvurderingar der dei momenta som talar høvesvis for og imot eit løyve, blir vurderte i samanheng.

Det verkar uavklart i praksis korleis mangel på medverknad til å avklare identitet og leggje til rette for retur blir vekta. Her kan individuelle omstende tilseie ulike måtar å vekte på, men praksis er heller ikkje eintydig på dette punktet i saker som kan verke ganske like.
Der tidlegare avslag blei førte vidare, trass i at barna hadde vore her lenge, blei det lagt til grunn at avslag var forsvarleg også ut frå omsynet til kva som er til beste for barnet. Grunngivingane gir ikkje grunnlag for å trekkje meir generelle slutningar om når eit avslag ikkje er forsvarleg ut frå omsynet til kva som er til beste for barnet.