Har spørsmålet om kor tett eit barn er knytt til Noreg, noko å seie for om internflukt ikkje er urimeleg? Kan domstolen prøve dette spørsmålet fullt ut? Dette er noko av det Høgsterett skal vurdere.

Saka blir behandla denne veka, frå 9. til 12. november. Saka skal behandlast i plenum med 19 dommarar, ei behandlingsform som berre blir brukt i eit fåtal viktige og prinsipielle saker.

Familie frå Afghanistan

Saka gjeld ein afghansk familie med foreldre og to barn på 6 og 9 år som fekk endeleg avslag av UNE på søknaden om vern i 2013. Familien var frå ein provins i Afghanistan som ikkje blei vurdert som trygg. UNE grunngav mellom anna avslaget med at familien kunne ta opphald i Kabul som internflyktningar. Vedtaket blei kjent ugyldig av Oslo tingrett og Borgarting lagmannsrett, hovudsakleg på grunn av manglar ved grunngivinga i vurderinga av kva som er til beste for barnet.

Til beste for barnet

Høgsterett skal ta stilling til fleire prinsipielle spørsmål. Eit av hovudspørsmåla er vurderinga av kva som er til beste for barnet i internfluktsaker. Skal styresmaktene samanlikne situasjonen til barnet i Noreg og heimlandet når dei vurderer om internflukt ikkje er urimeleg? Situasjonen til barnet og kva tilknyting det har til Noreg, skal vurderast, men under kva lovføresegner? I dag er dette ein del av vurderinga av om ein kan gi opphald på humanitært grunnlag. Motparten meiner derimot at dette skal vere ein del av vurderinga av behovet for vern. Dei meiner mellom anna å finne støtte for dette i barnekonvensjonen.

Korleis Høgsterett vurderer dette hovudspørsmålet, kan ha mykje å seie for korleis norske utlendingsstyresmakter i framtida skal vurdere saker der internflukt for barnefamiliar er eit sentralt vurderingstema.

Full domstolskontroll?

Eit anna hovudspørsmål er om domstolane fullt ut kan prøve vurderinga frå utlendingsstyresmaktene av om internflukt ikkje er urimeleg. Kan domstolen prøve alle sider av denne vurderinga, eller set læra om misbruk av styresmakt skrankar for kor langt domstolen kan gå?

UNE vil leggje ut ei utgreiing etter at det har falle dom i saka.