Nemndmøte går for lukka dører og skal gjennomførast på ein forsvarleg måte med respekt for alle aktørar. IR-04 skildrar særleg korleis eit nemndmøte skal førebuast og gjennomførast. Det vil til dømes vere ulikskapar knytt til om nemndmøtet blir gjennomført ved at klagaren møter personleg for å forklare seg om saka si, eller ikkje. Her finn du også informasjon om dei ulike aktørane i eit nemndmøte, korleis dei skal opptre, og korleis oppgåvene skal fordelast mellom nemndleiaren og saksbehandlaren.