Høyesterett med en hammer foran, illustrasjon.

Staten v/Utlendingsnemnda fekk medhald av Høgsterett i dom frå Høgsterett 12. desember 2023, HR-2023-2351-A.

Spørsmålet Høgstrerett har teken stilling til, er om ein meinig vernepliktig soldat kan bli rekna for å ha medverka til alvorslege brotsverk når sjølve brotsverka er gjort av hans overordna og andre tenestegreiner enn dei han sjølv var tilknytta.

Om saka

Saka som vart behandla i Høgsterett gjaldt ein syrisk soldat som tenestegjorde i den syriske hæren under opprøret mot Assad-regimet våren 2011. Han hadde delteke i husundersøkingar kor opposisjonelle vart arresterte og overleverte til tryggingsstyrkane. Dei arresterte vart seinare utsette for tortur og drap.

UNE meiner han ikkje har krav på flyktningsstatus, og vurderte handlingane som straffbar medverknad til alvorslege ikkje-politiske brotsverk. Vilkåra for utestenging frå flyktningstatus var oppfylt etter utlendingsloven § 31 første ledd bokstav b jf. flyktningkonvensjonen artikkel 1F bokstav b. Bestemmelsen gir høve til å nekte flyktningstatus sjølv om krava til å få asyl er oppfylt.

Høgsterett sin dom

I denne saka var Høgsterett samd med UNE. Ankemotparten sine «aktive bidrag til pågripelse og overlevering av personer som risikerte å bli utsatt for tortur og drap, som lagmannsretten har funnet bevist, er objektivt sett medvirkning». 

Høgsterett kom til at spørsmålet skal vurderast etter internasjonale normer, og ikkje norske straffenormer. Dommen bygger særlig på flyktningkonvensjonen sin ordlyd og retningslinjer frå UNHCR (FN sin høgkommissær for flyktningar).

Dommen vil ha noko å seie for sakar der medverknad til brotsverk skal vurderast. Høgsterettdomen gir viktige avklaringar om kor terskelen ligg for å nekte flyktningstatus grunna deltaking i væpna styrkar som har gjort seg skuldig i overgrep.

Les heile dommen på Lovdatas sider (ekstern lenkje).

UNE sin førehandsomtale av Høgsterettsaka.