tiltroundersøkelsen2023

I ei undersøking frå Opinion svarer 52 prosent at dei har svært stor eller ganske stor tiltru til norske utlendingsstyresmakter. Det er 7 prosentpoeng mindre samanlikna med i fjor.

Kvart år blir eit representativt utval på tusen personar spurd om kva tiltru dei har til utlendingsstyresmakta. I den fyrste undersøkinga i 2002 var det berre 30 prosent som uttrykte svært stor eller ganske stor tiltru. Tiltrua låg deretter lenge på 40-talet i prosent, inntil det dei siste åra heile tida har vore over halvparten som har den type tiltru. 

Vi kan fordele svara ut frå partipreferanse, utdanningsnivå, alder og kjønn. Du kan sjå alle diagramma nedst i denne artikkelen.

I den siste undersøkinga ser vi endring i kva veljargruppe som ligg på topp. KrF, som låg høgast i 2022 med 76 prosent, har gått ned 12 prosentpoeng og ligg på ein tredjeplass. No er det Arbeidarpartiet si veljargruppe som har størst tiltru med 76 prosent. Veljargruppa som kjem på andreplass er Venstre med 70 prosent. Den lågaste tiltrua finn vi hos veljarane til Miljøpartiet Dei Grøne og FrP med 43 prosent.

Vi ser framleis at tiltru og utdanningsnivå heng saman. Det er dei med høgare utdanning, altså utdanning ut over vidaregåande skule, som har størst tiltru til utlendingsstyresmaktene.

Fordelt på alder er tiltrua størst frå aldersgruppa 60+ år, der 62 prosent uttrykkjer tiltru. Dette er den einaste aldersgruppa som har ein auke i prosentpoeng i år. Nedst på lista finn vi, til liks med tidlegare år, aldersgruppa 18-29 år.

Tiltrua er noko større blant menn enn blant kvinner. Blant menn er det i år 54 prosent som uttrykkjer tiltru, og blant kvinner 50 prosent.

Undersøkinga blei gjennomførd 13. til 19. juni 2023.

tiltroogpartitilhørighet

Tiltru og partipreferanse

tiltroogutdanning

Tiltru og utdanning

tiltroogalder

Tiltru og alder

tiltroogkjønn

Tiltru og kjønn