illustrasjonsbilde av et paragraftegn

Foto: Adobe stock

I dag kan personar med vedtak om opphøyr av asylløyve bli vist til internflukt. No skal Høgsterett sjå på om det er riktig forståing av regelverket.

Høgsterett skal 5. og 6. januar behandle ei sak om opphøyr av flyktningstatus og tilbakekall av opphaldsløyve.

Slik UDI og UNE praktiserer reglane i dag, kan utenlandske borgarar med vedtak om opphøyr av asylløyve, bli vist til trygge områder i heimlandet, også kalla internflukt.

To spørsmål

Saka handlar om forståinga av utlendingslova § 37 første ledd bokstav e (lovdata.no). Bestemmelsen gjeld saker der eit asylløyve blir avslutta fordi forholda som gjorde at personen trong beskyttelse, ikkje lenger er til stades (opphøyrssaker).

Det er to spørsmål Høgsterett vil gå inn i. Det første er om regelverket i det heile tatt opnar for å bruke internflukt i opphøyrssaker. Det andre spørsmålet, skriv ankeutvalet i si avgjerd, er «hvilket tidspunkt som skal legges til grunn ved vurderingen etter den bestemmelsen”.

Om internflukt

Reglane om internflukt bygger på eit prinsipp om at ein asylsøkar ikkje har rett til beskyttelse i Noreg, eller andre land, hvis han kan få det i heimlandet. Hvis UDI eller UNE meiner at ein asylsøkar er forfølgd, men at deler av heimlandet er trygt og mogleg å reise til, får ikkje asylsøkaren eit asylløyve. Da blir det vist i vedtaket til at søkaren kan bosette seg i eit trygt område i heimlandet.

Spørsmålet som nå skal opp i Høgsterett er om moglegheita til internflukt berre gjeld i asylsaker, og ikkje i opphøyrssaker.

Om sakene

Det er sakene til to borgarar frå Afghanistan, ei mor og hennar dotter, som Høgsterett skal behandle. Dei kom aleine til Noreg i 2011 og fekk eit løyve der det sto at løyvet kunne bli trekt tilbake viss far dukka opp. Då far seinare kom til Noreg, blei løyvet avslutta. I 2015 blei familien uttransportert til Afghanistan.

Andre runde i retten

Dette er sakas andre runde i rettssystemet og andre gong saka er oppe i Høgsterett. UNE fekk medhald av tingretten og lagmannsretten i den siste runden.

Første gong Høgsterett behandla saka var i 2017, og da vart UNEs vedtak frå 2013 kjend ugyldig. Høgsterett kom til at UNE-vedtaket hadde nokon manglar som gjekk på metoden, ikkje på resultatet. UNE fatta i 2018 eit nytt vedtak i tråd med premissane i dommen frå Høgsterett. I det nye vedtaket sto UNE fast på at det var riktig å avslutte opphaldsløyvet til familien i Noreg. Det er dette nye vedtaket som Høgsterett skal dømme gyldig eller ugyldig.

Fakta om opphøyrssaker

  • Opphøyrssaker er saker der eit asylløyve blir avslutta. Personen blir ikkje lenger sett på som flyktning og har ikkje rett til asyl. Men personen kan få opphaldsløyve på anna grunnlag.
  • Kva som skal til for å kalle tilbake eller avslutte eit asylløyve, er regulert i utlendingslova § 37.
  • Utlendingslova § 37 fyrste ledd bokstav e gjeld saker der eit asylløyve blir avslutta fordi forholda som gjorde at personen trengde asyl, ikkje lenger er til stades.
  • Det kan vere ulike grunnar til at eit asylløyve blir avslutta. I mange opphøyrssaker er det fordi situasjonen i heimlandet eller livssituasjon til personen har endra seg så mykje at personen ikkje lenger treng beskyttelse.