Dersom du søkjer jobb hos Utlendingsnemnda, treng vi å behandle opplysingar om deg for å vurdere søknaden din. Vi behandlar opplysingane som du sender oss eller som du gir oss om du blir kalla inn til eit intervju. Dessutan kan vi gjere eigne undersøkjingar, slik som å kontakte referansar. Er du ikkje norsk statsborgar, vil vi sjekke at du har lovleg opphald i Noreg.

Det rettslege grunnlaget vil vere samtykke etter personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 a) og artikkel 9 nr. 2 a) for helseopplysingar og andre «særlege kategoriar» opplysingar. Det kan òg vere artikkel 6 nr. 1 b) om hva som er nødvendig for UNE å gjere før ein avtale. Eit anna grunnlag kan vere artikkel 6 nr. 1 c) og artikkel 9 nr. 2 b) om pliktene våre etter arbeidsretten. Det kan til dømes gjelde plikta til å leggje til rette for arbeidstakarar om det gjeld for deg.

Det er få personar i UNE som arbeidar med rekruttering og som behandlar søknaden din. Namn, alder, stilling eller tittel og bustads- eller arbeidskommune vil likevel stå på ei søkjarliste i tråd med offentleglova. Du kan be om at dette ikkje gjeld deg, sjå § 25 i lova.  

Alle søknader blir lagra i UNE sitt rekrutteringsverktøy Jobbnorge og journalførte i UNE sitt arkiv. Opplysingane i UNE sin del av Jobbnorge blir sletta eitt år etter at rekrutteringsprosessen er avslutta. Dokument som er arkiverte i saks og- arkivsystemet vårt blir permanent bevara i samsvar med arkivlova. Det gjeld til dømes søkjerlister og innstillingar.  

Blir du kalla inn til eit intervju, gjer vi merksam på at vi har kamera ved inngangsdørene. Opptak blir sletta automatisk etter 7 dagar. Det rettslege grunnlaget for kamera og opptak er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 f) – de «berettigede interessene» til UNE, som det heiter, i adgangskontroll og sikkerheit. Alle som kjem, blir registrerte i besøksløysninga vår med navn, dato, mobiltelefon og e-post. Dataene blir automatisk sletta etter kort tid om du ikkje ønskjer lengre lagringstid. Berre få personar har tilgang til opptak og registreringar i besøksløysinga. 

Kva rettar har du?

Informasjon

Du har rett til informasjon om behandlinga av personopplysingane dine i UNE. UNE har i hovudsak gitt denne informasjonen her.

Innsyn

Du har rett til å få innsyn i alle personopplysingane dine som blir oppbevarte i UNE, med unntak av dei som er regulerte av personopplysingslova § 16.

Innsynskrav blir journalført i sak- og arkivsystemet. Behandlingsgrunnlaget for dette er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 c), då slik journalføring er nødvendig for å oppfylle ei rettsleg plikt.

Journalen er tilgjengeleg på eInnsyn.no (ekstern lenkje). Journalen inneheld opplysingar om avsendar, mottakar og overskrift på dokumentet. Personnamn er ikkje søkbart frå journalen når innførsla er eldre enn eitt år.

Retting av feil og sletting

Dersom du oppdagar at UNE har registrert urette, utdaterte eller ufullstendige opplysingar om deg, som du ikkje sjølv kan rette opp, kan du kontakte den kontaktpersonen som er oppført i stillingsannonsen. Det kan for eksempel vere at vi har registrert namnet ditt feil, eller at adressa vi har registrert på deg, ikkje stemmer.

Du kan òg be om at vi sletter opplysingar om deg. Din avgrensa rett og vår avgrensa plikt til å slette er regulert i personopplysingslova og forordninga. Sjå nettsidene til Datatilsynet (ekstern lenkje)

Klage

Vi håper du vil seie frå dersom du meiner vi ikkje følgjer reglane i personopplysingslova. Ta då fyrst kontakt med personvernombodet vårt.

Du kan også klage over behandlinga vår av personopplysingar. Dette gjer du til Datatilsynet (ekstern lenkje).

Korleis kan du kontakte personvernombodet i UNE?

UNE har eit personvernombod som varetek personverninteressene til registrerte i systema våre. Personvernombodet kan gi råd og rettleiing dersom du har spørsmål om personvern i UNE, ønskjer å få informasjon om opplysingar vi har registrert om deg, eller vil be oss om å rette feil. Send ein e-post til personvernombud@une.no. Av omsyn til personvernet ditt må du ikkje sende sensitive personopplysingar på e-post.

Anna relevant lovgiving

I tillegg til personopplysingslova (ekstern lenkje)  er blant anna følgjande lover aktuelle for  behandling av personopplysingar i UNE:

Offentleglova (ekstern lenkje) med forskrifter inneheld reglane for når eit dokument er offentleg tilgjengeleg, og når eit dokument kan unntas offentlegheit. UNE meiner at dokument skal vere offentlege så langt det er mogeleg, og vi vurderer også meiroffentlegheit i samsvar med kravet i lova.

Forvaltingslova (ekstern lenkje) inneheld saksbehandlingsreglar for korleis saka di vil bli behandla i UNE. Som part i saka har du særskilde rettar, bl.a. om innsyn.

Arkivlova (ekstern lenkje) med forskrift om offentlege arkiv (ekstern lenkje) gir reglar om korleis arkivskapande organ skal behandle og oppbevare dokument, samt avlevering til arkivinstitusjon.