Sist oppdatert: 20.10.2022 20.10.2022

Møt tilsette i UNE

serie_2

I UNE er vi opptekne av pålitelegheit, openheit og respekt.

UNE har rundt 240 tilsette. Hos oss finn du folk med ulik fagbakgrunn. Dei tilsette i UNE inkluderer juristar, samfunnsvitarar, humanistar, teknologar og andre faggrupper. Saman jobbar vi for ei effektiv og rettssikker klagebehandling. Vi er opptekne av klarspråk, brukarvennlege løysingar og kontinuerleg forbetring.

Her fortel nokre av dei tilsette om arbeidskvardagen sin.

Bernt

 

Bernt har jobba 17 år i UNE, først med saksbehandling av utlendingssaker og seinare med organisasjonsutvikling og digital utvikling. Han har hovudfag i samfunnsgeografi og master i jus. Bernt jobbar tett med teknologar for å få smidige arbeidsprosessar. For tida jobbar han saman med Utlendingsdirektoratet for å modernisere IT-systema i utlendingsforvaltninga.

– Vi skal gjere det enklare for brukarane å finne fram i eit komplisert regelverk og få dei tenestene dei har behov for, fortel han.

 At han har vore i UNE i snart to tiår, trur han handlar om kollegaer og arbeidsmåtar.

– Det er veldig spennande folk som jobbar her, frå juristar og samfunnsvitarar til teknologar. Det å samarbeide, lære av kvarandre og lage gode system, det gjer at eg held fram med å jobbe her. År etter år. Det er også stor takhøgde for å komme med nye idear og påverke måten ein jobbar på, seier Bernt.

Ingvild

I4

Ingvild Solberg er ein av dei mest erfarne saksbehandlarane våre og er utdanna samfunnsgeograf. Som seniorrådgivar og landskontakt for Afghanistan bruker ho mykje av tida på å halde seg oppdatert og diskutere saker og landsinformasjon med kollegaer.

 – Eg trur vi blir betre av å ha frie og opne diskusjonar internt. Eg har også vore mange gonger i retten som partsrepresentant med saker der UNE har blitt stemna. Det er fint at vedtaka våre blir sette på prøve. Det er sånn vi kan bli både tryggare og utvikle oss vidare.

Ho har jobba med Afghanistan sidan UNE fekk dei første sakene i 2004. Ho har ikkje gått lei.

– Eg skulle eigentleg ønske at eg blei lei. Eg skulle ønske at Afghanistan hadde hatt ei anna historie. Eg skulle ønske at det hadde vore fred og fordragelegheit, lykke og utvikling på ein heilt annan måte enn det det har vore.

 – Det blir ofte sett spørsmålsteikn ved kva vi gjer her. For meg fører det til at eg må tenke gjennom det eg gjer, og spørje: Gjer vi det rette? Eg kan ikkje bruke argumentet «jammen sånn har vi alltid gjort det». Det kan godt vere at det vi gjorde i går, skal vi gjere annleis i dag.

Når ho har vore 18 år i UNE, så er det ikkje berre fordi ho synest feltet er spennande.

– Korleis miljøet er her, har også vore viktig. Eg opplever at det er stor takhøgde og aksept for å vere den ein er. Eg får veldig mykje energi av å jobbe her.

Elise

16-13-elise_2

Elise er utdanna jurist og jobbar som behandlar i UNE. Ho byrja i UNE i 2021 og jobbar mest med familieinnvandringssaker.

UNE er den første arbeidsplassen der ho jobbar heiltid som jurist etter at ho blei ferdig med jusstudia i 2020. Det er ikkje tilfeldig at ho søkte seg til UNE.

Tidlegare har ho jobba ved Senter for menneskerettar og hatt eit praksisopphald i UDI. Men det var då ho var på eit utvekslingsopphald i Strasbourg, at ho fekk auga opp for utlendingsrett.

– Eg hadde ein kjærast som jobba for dei franske utlendingsmyndigheitene, og han inspirerte meg til å gå i den retninga, fortel ho.

– Eg har mange venner som jobbar i advokatfirma, seier Elise. – Men eg tenker nok at når eg har komme inn her, så blir eg i staten. Internasjonal rett og juss som har noko å seie for folk, det appellerer til meg i staden for berre forretningsjus. Det er dessutan eit felt politikarar meiner mykje om, og som kan få stor merksemd i media.

Elise jobbar hovudsakleg med enkeltsaksbehandling av klagesaker. Saksførebuingane inneber blant anna å skrive vedtaksutkast eller merknader til nemndsmøte, i tillegg til å setje seg inn i eit til dels komplisert regelverk og tilgjengeleg landsinformasjon. Ho synest det er inspirerande at folk i UNE er så flinke på jussen, men gler seg også til å få meir innblikk i den samfunnsvitskaplege delen.

– Utlendingsfeltet er heldigvis spennande, og alltid i utvikling. Ein lærer noko nytt heile tida. I tillegg er eg blant anna superbrukar for saksbehandlingssystemet vi bruker, der eg gir brukarstøtte og hjelper til med testing av systemet ein gong iblant.

– Eg synest miljøet i UNE er hyggjeleg, og kollegaer er alltid tilgjengelege for å diskutere faglege problemstillingar. Vi diskuterer mykje internt i faggruppa og rådfører oss med kvarandre når vi har behov for det. Det betyr mykje når ein jobbar med utfordrande saker, og må ta vanskelege avgjerder.

Terje

Terje-portrett

Terje er einingsleiar for saksavdelinga som jobbar med asylsaker frå Midtausten og Nord-Afrika, visum, diverse arbeids- og opphaldssaker, konvertittsaker og § 36-saker.

Han byrja i UNE i 2017. – Eg valde UNE fordi UNE har eit godt omdømme, og så valde UNE meg, smiler Terje.

– Her er det dyktige folk og eit godt arbeidsmiljø. Ting fungerer.

Terje har lang erfaring med å jobbe i eit nemndsystem. Før UNE jobba Terje i Pasientskadenemnda.

– Eg har 16 års leiarerfaring, og trur eg har ei ganske brukbar livserfaring å spele på òg. Eg håpar summen av det tilseier at eg kan vere til nytte for kollegaene mine.

Terje beskriv seg sjølv som ein relasjonell leiar.

– Det er opp til meg å vise meg tilliten verdig. Det skjer kvar dag, det. Arbeidskvardagen min handlar mykje om å sørgje for at dei som utfører mykje av arbeidet med vedtaka, skal ha ei god ramme for å gjere dette. Dei skal som høgt utdanna og svært kompetente medarbeidarar ha den tilliten og autonomien dei fortener, og som igjen gjer arbeidet effektivt og motiverande. 

 Terje lener seg litt framover og held fram.

– Det er viktig å skape truverd rundt den ein er som leiar. Og søke litt risiko i det å tore å vere seg sjølv i leiarrolla.