fagnotat_1500

UNE har publisert eit nytt fagnotat som forklarer kva moment som er viktige når barnet sitt beste skal bli vurdert i utvisingssaker.

Notatet er ikkje ei bindande retningslinje, men eit fagleg hjelpemiddel for UNE sine saksbehandlarar i saker der barn kan oppleva at ein forelder blir utvist. 

Kva notatet handlar om

Notatet gir ei oversikt over rettskjelder og barnefagleg kunnskap som er viktig når UNE vurderer om ei utvising vil vere eit uforholdsmessig tiltak. Det legg vekt på korleis ein skal forstå behov, utvikling og sårbarheit hos barn. Den rådgivande barnepsykologen til UNE har bidrege med faglege innspel om grunnleggjande behov og utvikling hos barn.

Fakta

Kva er utvising?

Barnet sitt beste – eit grunnleggjande omsyn

Barnet sitt beste skal alltid vere eit grunnleggjande omsyn i utvisingssaker, jf. utlendingslova § 70, Grunnlova § 104 og FNs barnekonvensjon artikkel 3. Dette betyr at interessene til barnet skal bli løfta fram og vurdert grundig, men dei vil ikkje alltid vere avgjerande. Omsynet til barnet sitt beste må bli vegd opp mot behovet til samfunnet for kontroll og førebygging av kriminalitet.

Vurderinga er òg forankra i menneskerettane. Etter Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 8 har alle rett til respekt for familielivet sitt. Eit vedtak om utvising må derfor byggje på ein balanse mellom omsynet til familielivet, særleg  situasjonen til barnet, og behovet i samfunnet for å handheve regelverket.

I utvisingssaker kan barn bli sterkt råka sjølv om vedtaket gjeld ein av foreldra. Derfor er det særleg viktig at situasjonen til barnet blir grundig vurdert.

Tilleggstid som alternativ til utvising

Notatet omtalar òg tilleggstid, som kan bli brukt i staden for utvising i enkelte tilfelle. Tilleggstid betyr at det blir stilt krav om lengre butid før ein utlending kan få permanent opphaldsløyve.

Ordninga blei innført for å gi forvaltninga eit mildare og meir fleksibelt alternativ i saker der utvising kan verke for strengt, særleg av omsyn til barnet sitt beste.

Når er utvising uforholdsmessig?

Å vurdere om ei utvising er uforholdsmessig, betyr å sjå på konsekvensane for utlendingen og familien, særleg barna, opp mot behovet til samfunnet for å reagere på lovbrot.

Utvising blir rekna som uforholdsmessig dersom konsekvensane for dei som blir råka, blir klart tyngre enn det som er nødvendig for å ivareta interessene til samfunnet. Ved veldig alvorlege lovbrot skal det svært mykje til før utvising blir vurdert som uforholdsmessig. Høgsterett har lagt til grunn at det berre vil vere tilfelle om barna blir utsette for «uvanleg store belastningar» («exceptional circumstances»).  

Vektinga av barnet sitt beste

Omsynet til barnet sitt beste skal alltid ha stor vekt i vurderinga. Det er som regel ikkje til det beste for barnet at ein forelder blir utvist, men kor stor vekt dette omsynet får, varierer frå sak til sak.

UNE må identifisere og vurdere kva som blir konsekvensen for kvart enkelt barn, mellom anna ut frå alder, sårbarheit og omsorgssituasjon.  

I nokre tilfelle skal barnet sitt beste som hovudregel ha størst vekt. Etter utlendingsforskrifta § 14-1 gjeld dette mellom anna der utlendingen har hatt ulovleg opphald i kort tid og har barn i Noreg som vedkomande bur saman med.

Frå januar 2025 gjeld òg § 14-1 a, som opnar for at utvising som hovudregel ikkje skal skje når familielivet ikkje kan bli oppretthaldt i heimlandet på grunn av risiko for alvorlege overgrep eller ekstraordinære humanitære forhold.

I slike saker kan det i staden bli gitt tilleggstid som alternativ til utvising.

Faktorar som kan ha betydning

Notatet peikar på fleire moment som kan ha betydning for vurderinga av barnet sitt beste, mellom anna:

  • barnet si eiga meining
  • barnet sin alder
  • omsorgssituasjonen
  • sårbarheita til barnet og behovet for stabilitet
  • om familielivet kan haldast oppe i heimlandet til foreldra
  • moglegheita for kontakt
  • omsorgsevna til den attverande forelderen
  • retten barnet har til identitet, språk og kultur
  • kor lenge saka har pågått, og belastninga som følgjer av uvisse

Vurderingane skal byggjast på oppdatert kunnskap om utviklinga og behova til barna.

Skal bidra til heilskap og likebehandling

Notatet er ikkje ei bindande retningslinje, men eit fagleg hjelpemiddel for saksbehandlarane i UNE. Det skal bidra til at vurderinga av barnet sitt beste får ein tydeleg plass i avgjerdene til UNE, og at situasjonen til barnet blir godt opplyst i kvar enkelt sak. Notatet tek ikkje for seg alle sider ved den samla vurderinga av om ei utvising er uforholdsmessig, og må supplerast med andre kjelder.

Les fagnotatet her.