tiltro_1500

For eitt år sidan var det fleire enn nokon gong, 63 prosent, som svarte at dei hadde svært stor eller ganske stor tiltru til norske utlendingsstyresmakter. I år sokk dette til 55 prosent. Tiltrua vart mest redusert i den yngste aldersgruppa.

Kvart år blir eit representativt utval på tusen personar spurt om kva tiltru dei har til utlendingsstyresmaktene. Me kan fordele svara ut frå partipreferanse, kjønn, alder og utdanningsnivå.

Det er ganske stor skilnad mellom veljargruppene til dei ulike partia, og det er veljarane på fløyene som har lågast tiltru. For Raudt er delen no 42 prosent og for Framstegspartiet 44 prosent. Dette er mykje mindre enn for Høgre med 73 prosent og Kristeleg Folkeparti med 70 prosent, dei partia der flest veljarar uttrykkjer tiltru til utlendingsstyresmaktene.

I alle år har det vore ein tydeleg samanheng mellom tiltru og utdanningsnivå. Det er dei med høgare utdanning, altså utdanning ut over vidaregåande skule, som har størst tiltru til utlendingsstyresmaktene.

Det største fallet i tiltru frå i fjor til i år, kom i aldersgruppa 18-29 år, eit fall på heile 19 prosentpoeng. I fjor var det 59 prosent i den aldersgruppa som uttrykte tiltru, mens det no eitt år seinare berre er 40 prosent.

Tiltrua er noko større blant menn enn blant kvinner. Blant menn er det i år 57 prosent som uttrykkjer tiltru, og blant kvinner 52 prosent.

Undersøkinga er gjord av Opinion for Utlendingsnemnda.

Tiltroundersøkelse-2020-4