tiltro-totalt-2019-v2

I ei undersøking frå Opinion, svarer 56 prosent av menn og 47 prosent av kvinner at dei har svært stor eller ganske stor tiltru til norske utlendingsstyresmakter. Delen kvinner som uttrykkjer den typen tiltru, er den lågaste på ti år.

Kvart år blir eit representativt utval på tusen personar spurd om tiltrua si til utlendingsstyresmaktene. Gjennom mange år var det under halvparten av dei spurde som uttrykte tiltru, men frå 2011 har det heile tida vore fleire enn halvparten som har svart at dei har svært stor eller ganske stor tiltru til norske utlendingsstyresmakter. I år er delen 52 prosent.

Inntil nyleg har tiltrua til utlendingsstyresmaktene alltid vore lågast frå Framstegspartiet sine veljarar. Dette har endra seg dei siste åra. Tiltrua frå Framstegspartiet sine veljarar har auka jamt og trutt og er no på høgde med dei fleste andre parti sine veljarar.

Lågast tiltru i dei tre siste undersøkingane har vore frå veljarane til Raudt. Høgast tiltru blir uttrykt frå Høgre og Venstre sine veljarar.

Undersøkinga blei gjennomførd 18. til 24. juni 2019, av Opinion, på oppdrag frå Utlendingsnemnda (UNE).

tiltro-partier-2019-v3