Forsiden på lovdata PRO

Foto: Skjermdump Lovdata

UNE sine stornemndvedtak, praksisnotat, interne retningslinjer og faglege rettleiarar finst no som rettskjelder på LovdataPro.

- Dette gir eit godt bidrag til openheit og tilgjengelegheit om UNE si verksemd og praksis, og vil venteleg vere til god rettleiing for advokatar og andre brukarar, seier seksjonssjef for Seksjon for generell juridiske saker, Øyvind Havnevik.

Lovdata sitt system for profesjonelle brukarar inneheld eit breitt spekter med rettskjelder, til dømes lover, forskrifter, rundskriv, lovførearbeid, rettsavgjerder, vedtak, juridiske artiklar, internasjonale rettskjelder samt redaksjonelle merknader og kommentar til rettskjeldene.

LovdataPRO er ei betalt teneste. UNE sine stornemndvedtak, praksisnotat, interne retningslinjer er også tilgjengelege på vår nettstad.

Rutineskildringar er ikkje omfatta av det som no er lagt ut på LovdataPRO, fordi dei skildrar interne rutinar og ofte blir reviderte og justerte. Rutineskildringane kan du finne på  nettstaden vår.

Lovdata er ei privat stifting oppretta i 1981 av Justisdepartementet og Det juridiske fakultet i Oslo. Formålet for Stiftinga er å opprette, vedlikehalde og drive system for rettsleg informasjon.