Utreiseplikta er oppheva for utlendingar som i 2015 søkte vern i Noreg etter å ha reist inn ved Storskog.

Dette gjeld berre dei som oppheld seg på kjend adresse i Noreg, og som har fleirreisevisum eller opphaldsløyve i Russland som er utgått på tid.

Dei som no får oppheva (suspendert) utreiseplikta, vil få asylsøknaden sin realitetsbehandla i Noreg. Det vil seie at norske utlendingsstyresmakter vil vurdere om dei har behov for vern eller ikkje. Dei som får asylsøknadene sine realitetsbehandla i Noreg og får avslag på dei, vil få plikt til å returnere til heimlandet.

UNE har ikkje oppheva utreiseplikta for dei som allereie har fått asylsøknaden sin realitetsbehandla i Noreg og har plikt til å returnere til heimlandet. UNE har heller ikkje oppheva utreiseplikta for dei som allereie har vern i eit anna land.

Opphevinga av utreiseplikta til Russland er ei følgje av ein instruks frå Justis- og beredskapsdepartementet til UDI og UNE om at fleire som reiste til Noreg over Storskog, no vil få asylsøknaden sin realitetsbehandla. Instruksen blei gitt 30. november 2016 og heiter «GI-15/2016 – Storskogporteføljen – behandling av asylsøknader fremsatt i 2015 fra personer som har flerreisevisum eller oppholdstillatelse i Russland som er utløpt i tid».

Denne opphevinga av utreiseplikt til Russland gjeld fram til noko anna eventuelt blir bestemt og offentleggjort.