UNE har tidlegare i år halde 20 nemndmøte i enkeltsaker for utlendingar som kom over Storskog og søkte asyl i Noreg, der spørsmålet var om dei aktuelle personane trygt kan sendast tilbake til Russland.

Nemndmøta omfattar både familiar og enkeltpersonar – til saman rundt 40 personar. Dei fleste av sakene gjeld syriske borgarar (sist oppdatert 6. juli 2016).

I 12 av dei 20 nemndmøta har UNE gjort om vedtaka frå UDI om ikkje å ta sakene til realitetsbehandling. Desse asylsakene skal derfor behandlast i Noreg og er returnerte til UDI etter kvart for å bli realitetsbehandla. UNE har altså ikkje teke stilling til om personane dette gjeld, har krav på vern i Noreg – det vil bli vurdert av UDI.

Nemndene har gjort ei heilskapsvurdering av fleire individuelle og konkrete forhold i sakene, slik dei skal ut frå det regelverket og dei instruksane som gjeld. I tråd med instruksen har nemndene vurdert behovet for vern i opphavslandet i sakene der opphaldsgrunnlaget i Russland er usikkert.

I saker der klagaren hadde eit utgått eller ugyldig visum til Russland, har nemndene sett det som lite truleg at klagaren kunne skaffe seg anna opphaldsgrunnlag enn asyl.

Når det gjeld sakene som har blitt gjorde om, har fleire nemnder lagt til grunn at tilgangen til asylsystemet i Russland er vanskeleg, og at det er usikkert om kvaliteten på asylvurderingane er gode nok. Vidare har det blitt lagt vekt på opplysningar om at enkelte syriske borgarar har blitt transporterte ut frå Russland til heimlandet. Nemndene kom derfor til at retur til Russland kunne føre til brot på utlendingslova § 73, ei føresegn som gir eit absolutt vern mot utsending der ein person kan risikere overgrep ved retur.

I sakene der nemndene førte vidare vedtaket om avslag frå UDI, blei det ofte lagt vekt på at klagaren var ressurssterk ved at han/ho hadde eit langt opphald i Russland bak seg. Klagaren hadde dermed gode føresetnader for å ta seg fram i det russiske asylsystemet. Nemndene såg i tillegg risikoen for å bli transporterte ut frå Russland som så liten at denne risikoen berre var teoretisk. Ein så låg risiko gir ikkje grunnlag for vern mot utsending til Russland, og det tidlegare vedtaket om å nekte realitetsbehandling blei dermed ført vidare i desse sakene.