Sist oppdatert: 09.09.2025 09.09.2025

Sammendrag: Familie

Klagaren fekk ikkje opphaldsløyve for familieinnvandring fordi det var tvil rundt om han var under 18 år. På grunn av motstridande opplysningar om alderen hans, meinte UNE at han ikkje hadde lagt fram tilfredstillande dokumentasjon på at han var under 18 år. Det var ikkje grunn til å gjere unntak.

Bakgrunn

Klageren søkte om midlertidig opphaldsløyve via den norske ambassaden. Han søkte saman med syskena sine. Formålet med søknaden var familieinnvandring med ein referanseperson, som han opplyste var mora hans. DNA-rapport bekrefta at referansepersonen var den biologiske mora hans. Vedlagt søknaden var kopi av passet hans, fødselsattest utstedt i forbindelse med søknaden, utskrift fra siviliregisteret og "secondary school certificate".

UDI avslo søknaden fordi dei meinte han ikkje var barn under 18 år, og at han dermed ikkje fylte vilkårene for familieinnvandring etter utlendingsloven § 42 annet ledd. UDI meinte han heller ikkje hadde sannsynliggjort identiteten sin. Dei viste til at dokumenta frå Sudan har generelt lav notoritet, og at det ikkje er uvanleg at ID-dokumenta blir utstedt på grunnlag av feil opplysningar. Fødselsattesten hans og utskrifta frå sivilregisteret var ikkje legalisert av sudanske myndigheiter.

Dei viste også til at det var motstrid mellom opplysningane mora gav om alderen hans, og opplysningane han sjølv hadde registrert i søknaden. Mora hans opplyste i sitt intervju at han var født meir enn tre år før datoen som stod i fødselsattesten. Om ein tok utgangspunkt i fødselsdatoen i ID-dokumenta til klageren, var han født mindre enn 9 månadar før hans yngre sysken blei født, og hadde då fullført vidaregåande då han var 15 år. UDI meinte derfor at det var sannsynlig at han var eldre enn den alderen han hadde oppgitt.

I ein henvendelse til UNE opplyste referansepersonen at klagaren ikkje hadde fullført det siste året på videregåande, og at han hadde fått karakterutskrift som dokumenterte fagene frå dei to første årene, men ikkje det siste. Det stemte dermed ikkje at han var 15 år då han fullførte vidaregåande. Ho opplyste også at fleire av barna hennar var født med keisarsnitt.

UNEs vurdering

UNE var einig med UDI om at det ikkje var sannsynliggjort at klagaren var under 18 år. Han fekk derfor ikkje opphaldsløyve.

Barn under 18 år har på bestemte vilkår rett til opphaldsløyve i Noreg. Dette følgjer av utlendingsloven § 42 annet ledd. Det er klagaren som må sannsynliggjere at vilkårene er oppfylt.

UNE meinte at det var tvil om identiteten hans, og viste til grunngjevinga i UDI sitt vedtak som UNE var einig i og slutta seg til. Det var gitt motstridande opplysningar i saken om alderen hans.

UNE meinte at han heller ikkje hadde lagt fram tilfredsstillande dokumentasjon på identiteten sin. Passet hans var ikkje nok til å sannsynliggjere at den oppgitte identiteten hans var korrekt. Det blei vist til at underlangsdokumenta hans i form av fødselsattest og utskrift frå sivilregisteret framsto som seinregistrert, utstedt i forbindelse med at han skulle søkje pass og at mora hans kom til Noreg. I Sudan blir personar som ikkje er registrert ved fødsel og som mangler identitetsdokumenta, registrert basert på vitner og informasjon frå dei. Informasjon basert på vitneutsagn lang tid etter fødsel er generelt mindre pålitlege enn opplysningar gitt i nær forbindelse med fødsel. UNE la defor ikkje noko vekt på opplysningane om han i desse, sett hen til motstrid ellers i saken.

Heller ikkje dei andre dokumenta i saken var tilfredsstillande dokumentasjon på identiteten til klagaren.

UNE meinte vidare at opplysninger om klageren sine år på videregåande tilsa at han var over 18 år. Det stod i attesten at han hadde tatt ein "secondary certificate examination", noko som framstod som ein avsluttande eksamen. Han hadde også opplyst i intervjuet med ambassaden at han hadde fullført vidaregåande, og forventa å gå på universitetet. UNE såg hen til opplysningane frå referansepersonen om at han ikkje hadde fullført det siste året på vidaregåande, og at han hadde fått karakterutskrift som dokumenterte fagene frå dei to første årene. UNE viste imidlertid at det ikkje stod noko i attesten frå skulen om at denne berre gjaldt for det første og andre året på vidaregåande skule.

Det at han ikkje hadde medvirka til å avklare identiteten sin var også forhold som ga grunn til å nekte klagaren å reise til eller å oppholde seg i Noreg.

UNE konkluderte med at det ikkje var sannsynliggjort at han var under 18 år då han søkte om famileiinnvandring. Han blei dermed ikkje rekna som barn lengre, og UNE forutsattte derfor at han i stor grad kunne ta vare på seg sjølv. Han hadde også nære familiemedlemmer i heimlandet.

UNE såg også hen til situasjonen i Sudan. Det er mange søkjarar som lever under vanskelige forhold og som ynskjer å busetja seg i Noreg. Det ville føre til store samfunnsmessige konsekvenser om dettte var nok til å få oppholdstillatelse. Klagaren blei henvist til å søkje om beskyttelse i eit land som hadde underskrive FNs flyktningkonvensjon, dersom han meinte han hadde behov for beskyttelse.

Det blei til slutt vist til at det ikkje er opplysningar i saken som tilsa at det er eit beskytta familieliv mellom klagaren og mora hans, og UNE meinte avslaget ikkje braut med rett til respekt for familieliv etter EMK artikkel 8. Begrepet "familieliv" i EMK artikkel 8 omfatter i mindre grad relasjonen mellom foreldre og voksne barn. Retten til familieliv kan begrenses, og må veies opp mot eit lands rett til å kontrollere utlendingers innreise og opphald i Noreg.

Endelig kom UNE til at det ikkje var grunnlag for å gi klageren opphaldsløyve på grunn av sterke menneskelige hensyn eller ein særleg tilknytning til riket. UNE viste til at dei samme grunnene som talte for å nekte han tillatelse, tilsa at klageren heller ikkje burde få tillatelse etter utlendingsloven § 38.

Var dette sammendraget nyttig?