Dersom klagaren er representert ved andre enn advokat eller advokatfullmektig, skal fullmektigen leggje fram skriftleg fullmakt. UNE må kontrollere at den skriftlege fullmakta stemmer overeins med krav som blir stilte til fullmakt i forvaltningslova. RB-03 gjer nærare greie for desse reglane. Skildringa går mellom anna inn på rekkjevidda av fullmakta og vurderinga av om ei fullmakt er gyldig.
Publisert: 25.04.2017 25.04.2017
Sist oppdatert:
27.07.2020
27.07.2020
RB-03: Fullmakt
Rutineskildringar (RB) gir detaljerte rutinar for den praktiske saksbehandlinga. Dei skildrar den konkrete framgangsmåten for korleis saker blir behandla og avgjorde i UNE.