Tiltroundersøking_2026

I ei undersøking gjord av Opinion svarer 49 prosent at dei har svært stor eller ganske stor tiltru. Det er på samme nivå som dei tre siste åra.

Kvart år blir eit representativt utval på tusen personar spurd om kva tiltru dei har til utlendingsstyresmaktene. Delen som sa at dei hadde svært stor eller ganske stor tiltru har på det lågaste vore 30 prosent (2002) og på det høgaste 63 prosent (2020).

Spørsmålet handlar ikkje spesielt om UNE, men om den eller dei instansane dei sjølv forbind med utlendingsstyresmaktene.

graf som viser 49 prosent tiltru

Størst tiltru blant dei med høgare utdanning

Som tidlegare år, viser undersøkinga i år at det det er ein tydeleg samanheng mellom utdanningsnivå og tiltru. Personar med lang høgare utdanning har betydeleg høgare tiltru enn personar med kun grunnskule.

I undersøkinga i år seier 67 % av dei med meir enn 4 års høgare utdanning at dei har svært stor tiltru eller ganske stor tiltru til utlendingsstyresmaktane. Til samanlikning seier under halvparten av dei med mindre enn fire års høgare utdanning det same.

Lågast tiltru blant FrP-veljarar

Tiltrunivået varierer mykje mellom partiveljarane. I den siste undersøkinga er delen med størst tiltru blant MDGs veljarar med 77 prosent. Deretter følgjer SVs veljarar med 72 prosent og Arbeidarpartiets veljarar med 67 prosent. 

Veljarane til FrP har dei lågaste nivåa av tiltru over tid. Etter ein periode med moderat tiltru på midten av 2010-tallet, har det etter 2020 vore eit tydeleg fall. I undersøkinga i år har berre 26 prosent blant FrP-veljarane svært stor eller ganske stor tiltru til utlendingsstyresmaktene. Det er på same nivå som dei siste to åra.

Dei fleste har hørt om UNE

Undersøkinga spør også respondentane om kjennskap til UDI og UNE. Meir enn to av tre har høyrt om UNE. Men berre 4 % har UNE med i svaret når dei får spørsmålet: «Kjenner du tilfeldigvis til kven som avgjer om kvar enkelte asylsøkjar får opphaldsløyve i Noreg eller ikkje?».