illustrasjonsbilde av dom

Høgsterett godtok samrøystes ekteskapet og kom til at det gir grunnlag for familieinnvandring i Noreg.

UNE hadde nekta den syriske kvinna familieinnvandring med ektefellen i Noreg fordi dei hadde gifta seg dagen før ho blei 13 år. UNE viste til at det openbert ville verke støytande mot norsk rettskjensle å godkjenne ekteskapet.

Du kan lese ei førehandsomtale av saka på une.no.

Ugyldig UNE-vedtak

Høgsterett var ikkje samd med UNE, og i dommen datert 23. juni 2021 blei avgjerda til UNE dømt ugyldig.

Dommen er tydeleg på at det er tale om eit tvangsekteskap etter norsk rett. Dommen er òg tydeleg på at ekteskapet ikkje ville blitt godtatt etter reglane om familieinnvandring viss kvinna hadde søkt i 2012, året dei gifta seg. Den lange tida som har gått gjer at situasjonen er annleis i dag.

Dommen oppsummerer saka slik:

«På den eine sida vil eit opphaldsløyve i denne saka indirekte sanksjonere ei framferd som det i Noreg er brei semje om at er fullstendig uakseptabel. På hi sida var opphaldsløyve i Noreg ikkje eit tema ved giftarmålet i 2012. Den lange tida som har gått, det faktum at B på søknadstidspunktet var over 18 år og i dag har eit reelt ynske om å halde fram med samlivet med ektemannen, talar for at det vil vera i strid med rettskjensla å nekte henne og borna opphaldsløyve på grunn av ekteskapet. Dersom det ikkje blir gjeve opphaldsløyve, vil familien vera varig splitta. Dette vil ha negative konsekvensar, ikkje minst for borna som blir avskorne frå å vakse opp med begge foreldra. Ei godtaking av ekteskapet inneber ikkje eit framhald av krenkinga av B – kanskje heller tvert om. Ei nekting av opphaldsløyve kan bli oppfatta som ei ytterlegare bør for B – i tillegg til det tidlegare misbruket.»

UNE har handsama saka på nytt

UNE har handsama saka på nytt etter dommen og gitt kvinna og dei to barna oppholdsløyve i Noreg.