dele-teiepliktige-opplysingar-høyring.png

Regjeringa har foreslått ei forskrift som skal utvide tilgangen offentlege organ har til å dele teiepliktige opplysingar med kvarandre når formålet er å forhindre arbeidslivskriminalitet. UNE har svart på høyringa.

I høyringsnotatet frå regjeringa står det: «Forskriften skal sikre nødvendig adgang til deling og annen behandling av taushetsbelagte opplysninger for å oppnå et effektivt samarbeid ved forebygging og bekjempelse av arbeidslivskriminalitet, samt ivaretakelse av personvern.»

Vidare: «Etter forslaget skal forskriften gi bestemte forvaltningsorganer som inngår i a-krimsamarbeidet, en tydelig og presis adgang til å dele med hverandre taushetsbelagte opplysninger etter forvaltningsloven».

Forskrifta er heimla i forvaltingslova § 13 g. (lovdata.no)

UNE har avdekka arbeidslivskriminalitet

I høyringssvaret gir vi eksempel på saker der UNE har avdekt kriminelle forhold gjennom saksbehandlinga vår, etter at vi har fått saka sendt over frå UDI.

Det kan handle om at UDI ikkje har fanga opp alle relevante opplysingar i saksbehandlinga deira, men det som oftare er tilfelle er at UNE får inn nye opplysingar i samanheng med vår behandling av saka.

Eitt eksempel er tvangsarbeid. UNE har sett fleire eksempel på saker som gjeld arbeidsløyve for sesongarbeidarar eller au-pairar, der UNE får inn opplysingar som peikar i retning av at klagaren er utsett for tvangsarbeid. Dei siste åra har vi meldt inn fleire slike saker til Koordineringsenhet for ofre for menneskehandel (KOM).

I utvisingssaker ser vi ofte at det ikkje berre er brot på utlendingslova, men også andre lovbrot som omfattast av omgrepet «arbeidslivskriminalitet». Det kan handle om heilt eller delvis fiktive lønns- og arbeidsforhold, der det ikkje er samsvar mellom opplysingar gitt til utlendingsstyresmaktene og skattestyresmaktene.

UNE er ikkje eksplisitt nemnt

Høyringssvaret vårt inneheld fleire eksempel, men hovudpoenget er at den vidare utgreiinga av kva straffbare forhold som eventuelt finnast i ei sak ofte er kompleks. I slike situasjonar er UNE avhengig av eit godt samarbeid med UDI, andre forvaltingsorgan og politi. Då kan teieplikta vere eit hinder for å få opplyst saka tilstrekkeleg godt på tvers av etatar og instansar.

UNE er derfor positive til at det blir teke grep for at teieplikta ikkje skal hindre at arbeidlivskriminalitet blir avdekka og stansa. Men når det gjeld dei «bestemte forvaltningsorganene» som departementet foreslår at forskrifta skal omfatte, er UNE ikkje nemnt.

UDI er derimot nemnt, og vi meiner dei same argumenta gjeld for UNE. Derfor meiner vi UNE også bør tas med. Sjølv om UNE behandlar færre saker enn UDI, har også UNE ei rolle å spele med tanke på å førebyggje, avdekkje og forhindre arbeidslivskriminalitet. Og nokre gonger opplever vi at teieplikta er eit hinder.

Du kan lese heile høyringssvaret vårt her.

Høyringsbrev, høyringsnotat og svar frå andre høyringsinstansar er tilgjengeleg på regjeringa sine nettsider. (regjeringen.no)