omgåelsessaker.jpg

Dommen gir rettleiing på korleis UDI og UNE skal vurdere om eit ekteskap er eit omgåingsekteskap etter EØS-reglane.

Ein afghansk borgar søkte om opphald i Noreg etter EØS-reglane etter å ha gift seg med ein rumensk borgar. UNE kom til at det var eit omgåingsekteskap, det vil seie at hovudformålet til søkaren var å skaffe seg opphald i EØS-området. 

Høgsterett kom til at Lagmannsrettens dom ikkje måtte bli oppheva som følgje av rettsbruksfeil. Det vil seie at avgjerda til UNE om bortvising av borgaren etter han blei nekta opphald i Noreg etter EØS-reglane, er gyldig.

Du kan lese meir om bakgrunnen for at saka blei behandla i Høgsterett her.

Hovudpunkt frå dommen:

  • Dommen stadfestar at det er nok at hovudformålet med giftarmålet er å skaffe opphald - det må ikkje vere det einaste formålet. Sitat frå dommen avsnitt 61:«Min konklusjon er etter dette at utlendingsloven § 120 sjette ledd ikke bare omfatter tilfeller der ønsket om å oppnå rett til opphold er det eneste formålet med ekteskapet, men også tilfeller der andre, mer underordnede, hensyn spiller inn. Det er altså i tråd med lovens formulering «hovedformål» tilstrekkelig at ønsket om rett til opphold er det hovedsakelige formålet…»

  • Det er ikkje eit krav at også formålet til referansepersonen var å skaffe søkaren opphald. Det held at minst ein av partane har dette som hovudformål. Sitat frå dommen avsnitt 66: «Konklusjonen på dette punkt er at det ikke er noe krav om at mer enn én av partene – i praksis normalt søkeren – har hatt som sitt hovedsakelige formål med ekteskapsinngåelsen å sikre søkeren rett til opphold»

  • I avsnitt 67-71 seier Høgsterett at det er motivasjonen på vigselstidspunktet som er avgjerande for å vurdere om det er eit omgåingsekteskap. Etterfølgjande omstende er relevante for å kaste lys over kva som var formålet med giftarmålet.

  • Høgsterett slår fast at EMK artikkel 8, om rett til respekt for familieliv og privatliv, får verknad dersom det er etablert nære personlege band mellom dei som søker familieinnvandring. Omgåingsekteskap i seg sjølv vil ikkje gi grunnlag for vern etter artikkel 8.

På sidene til Høgsterett kan du lese omtale av dommenDu finn heile dommen på sidene til Lovdata.