Alle barnefamiliane som er transporterte ut, har no fått svar på omgjeringskrava sine.

28 barnefamiliar som er transporterte ut, har nytta seg av ordninga og bede om ny behandling av saka si.

Resultatet er slik:

  • 4 barnefamiliar fått løyve, og éin av dei har kome tilbake til Noreg.
  • 24 barnefamiliar har fått det tidlegare avslaget ført vidare etter behandling i nemndmøte.

Individuelle vurderingar

UNE vil no gå gjennom avgjerdene og sjå kva vurderingar dei uavhengige avgjerdstakarane våre har gjort i kvar enkelt sak. Når dette arbeidet er ferdig, vil vi gjere greie for resultata.

Førebels kan vi melde at alle sakene er vurderte individuelt og konkret. UNE har følgt den praksisen som gjeld etter at reglane for vurderinga av i kva grad barn er knytte til Noreg, blei endra i desember 2014. Ein må derfor sjå utfallet av sakene i lys av denne praksisen, der desse utgangspunkta gjeld:

  • Først når barn som følgjer med familiar har opphalde seg frå om lag 4 år og 6 månader i Noreg og gått minst 1 år på skule, har barnet ei tilknyting som kan gi grunnlag for opphaldsløyve. Også andre moment enn opphaldstid og skulegang kan verke inn på utfallet.
  • Kva som er til beste for barnet, er eit grunnleggjande omsyn.  Kva tilknyting barnet har til Noreg, er viktig i vurderinga av kva som er til beste for barnet, men også andre moment spelar inn. Kva som er til beste for barnet, blir alltid vurdert ut frå den individuelle situasjonen til barnet.
  • I vurderinga av om ein kan gi løyve, vil tilknytinga bli vegen opp mot innvandringsregulerande omsyn. Tunge innvandringsregulerande omsyn kan tale imot å gi løyve, sjølv om familien har opphalde seg Noreg i meir enn om lag 4 år og 6  månader. Dette kan til dømes vere at foreldra har brukt falsk identitet eller har halde tilbake identitetsdokument som har gjort det vanskeleg å returnere dei til heimlandet. Verdien av slike forhold blir vurderte individuelt i kvar enkelt sak.

UNE (og UDI) gir kvart år også opphaldsløyve på humanitært grunnlag til barnefamiliar som har opphalde seg kortare tid i Noreg enn 4 år og 6 månader. Då vil som regel andre omsyn enn tilknyting grunngi løyvet – til dømes helse- og omsorgssituasjonen til barnet.

Bakgrunn

Ei forskrift som blei sett i kraft 15. juni 2015, gir ei avgrensa gruppe med barnefamiliar rett til å få saka si vurdert på nytt.

Forskrifta gjeld for barn som

oppheld seg i utlandet, og

  • har blitt tvangsreturnerte i perioden 1. juli 2014 til 18. mars 2015, og
  • har opphalde seg i Noreg i fire år eller meir, og
  • ikkje har fått vurdert saka si etter at reglane for vurdering av i kva grad barn er knytte til Noreg, blei endra i desember 2014

Av 30 familiar som forskrifta gjaldt, har 28 ønskt ny behandling av saka si. Familiane fordeler seg på om lag 125 personar. Om lag halvparten er barn som har meir enn fire års opphaldstid.

Fakta om sakene

  • Flesteparten av barnefamiliane er frå Afghanistan eller frå Nigeria.
  • Dei fleste av barnefamiliane hadde budd i Noreg i mellom 4 år og 4 år og 6 månader då dei blei sende ut.
  • Alle sakene, bortsett frå to som blei innvilga, har blitt avgjorde av ulike nemnder. Desse er samansette av éin nemndleiar og to lekmedlemmer.
  • Totalt har 41 ulike avgjerdstakarar vore med på å avgjere sakene.

Les om det same temaet: