Sist oppdatert: 19.12.2025 19.12.2025

Sammendrag: Familie

Klagaren hadde ikkje vore utsatt for mishandling i utlendingsloven si forstand, og fekk ikkje opphaldsløyve. UNE meinte den psykiske og økonomiske valda ikkje var tilstrekkeleg til å få opphald etter denne regelen. Den fysiske valda var heller ikkje tilstrekkelig, og blei sett på som ein enkeltståande hending. Ho ville heller ikkje få urimelege vanskar som følgje av samlivsbrotet ved retur til Filippinene.

Bakgrunn

Klagaren hadde tidlegare hatt midlertidig opphaldsløyve for familieinnvandring med ektefelle. Ho søkte så om opphaldsløyve på sjølvstendig grunnlag på bakgrunn av mishandling i ekteskapet.

Ho hadde vore utsett for psykisk og økonomisk vald frå ektefellen sin. Den psykiske valden innebar trugslar om at han skulle sende separasjonssøknad, og at ho skulle bli kasta ut av Noreg og sendt tilbake til Filippinene. Den tidlegare ektefellen hadde også misbrukt klagaren sin BankID og kodebrikke til å ta opp kreditt og søkje lån i hennar namn. Vidare hadde ektefellen tilbakeholdt faktura i namnet til klagaren slik at dei hadde blitt sendt til inkasso. Ho hadde fleire inkassokrav og betalingsoppfordringar tilhøyrane fakturaer ho aldri hadde sett. Vidare skal ektefellen ved ein anledning ha kasta ein mobil mot andletet hennar under ein krangel. Ho meldte ikkje det inn til politiet. Ho fortalte at ho var redd for ektefellen.

UDI meinte at ho ikkje hadde blitt mishandla i utlendingslovens forstand og avslo søknaden. UDI meinte også at ho ikkje ville få urimelege vansk i heimlandet som følge av samlivsbrot.

UNEs vurdering

Ein utlending som har opphaldsløyve for familieinnvandring med ektefelle, kan ha rett til ny opphaldsløyve på sjølvstendig grunnlag etter at samlivet er opphøyrt. Det må då vere grunn til å anta at ho har blitt mishandla. Ein vurdering av om ho har blitt mishandla er basert på varigheita, omfanget og alvorsgraden av hendingane. Det er i tillegg eit krav at ho har fått redusert livskvalitet på grunn av hendingane.

UNE meinte ho hadde forklart seg truverdig om kva ho hadde vore utsett for, og tok utgangspunkt i forklaringa hennar.

UNE meinte at ektefellens handlingar ikkje hadde vore av eit slikt alvor og omfang at det var mishandling etter utlendingslovens betydning av ordet. UNE var ikkje tvil om at ho følte seg krenka av ektefellen sin, og at samlivet har vore belastande for ho, men det var ikkje avgjerande. Misbruket av BankIDen hennar og bankkonto er ulovlig og kan ikkje bli akseptert, men det er ikkje av ein slik alvor at den i utlendingslovens forstand kan bli beskriven som mishandling.

Når det gjaldt ektefellens trusler om separasjon, nemnde UNE at det følgjer av forarbeidene at loven ikkje er meint for alle tilfeller kor nokon har havna i eit dårleg samliv med ein lite hensynsfull eller kynisk samlivspartner. UNE meinte det heller ikkje fremstod som at det har vore ein slik maktubalanse i forholdet som tilsa at det var mishandling.

Angående hendelsen kor ektefellen kasta telefonen sin mot klagaren, meinte UNE at det fremstod som ein enkeltståande hending knytt til ein konkret usemje og er ikkje mishandling etter loven.

Vidare ville ikkje samlivsbrotet gje ho urimelege vanskar ved retur til Filippinene. Ho hadde uttalt at det på grunn av hennar høge alder ville vere nesten umogleg å få jobb og at ho hadde ingenting å returnere til. I tillegg er skilsmisse ein stor skam i hennar religion og kultur. UNE meinte at desse vanskane ikkje skyldes hennar situasjon som skilt, og at ho har gode forutsetningar for å reetablere seg. Ho hadde voksne born og ei tomt i heimlandet.

Det var verken sterke menneskelege hensyn eller særleg tilknyting til Noreg i saken. Opphaldstida hadde ikkje vore lang nok til å regnas som særleg tilknyting, då ho kun hadde hatt opphaldsløve som dannar grunnlag for permanent opphaldsløyve i to og eit halvt år. Det faktum at ho hadde ny sambuar i Noreg var heller ikkje tilstrekkeleg til å gi opphald.

Ho var heller ikkje verna mot retur til Filippinene.

Konklusjon

Klagaren fekk ikkje opphaldsløyve på grunn av mishandling i ekteskapet.

Var dette sammendraget nyttig?