Sist oppdatert: 10.02.2026 10.02.2026

Sammendrag: Arbeid

Klagaren søkte ikkje på rett måte, og fekk dermed formelt avslag på søknad om faglært opphaldsløyve. Han hadde søknad om beskyttelse til behandling, og oppfylte heller ikkje kravet om formell kompetanse som faglært. Det var heller ikkje sterke rimelegheitsgrunnar som gjorde at søknaden likevel burde blitt behandla.

Bakgrunn

Klagaren søkte om beskyttelse i Noreg i 2024. UDI stilte søknaden imidlertid i bero 15.07.2025 på grunn av den usikre situasjonen i Syria, som vil sei at dei midlertidig stansa behandlinga av søknaden. To månadar seinare søkte han om midlertidig opphaldsløyve for å arbeide som faglært. Han la ved blant anna eit arbeidstilbod om jobb som elektronikk-reperatør, samt eit utdanningsbevis frå Tyrkia.

UDI avslo søknaden på formelt grunnlag fordi han framleis hadde ein open søknad om beskyttelse som ikkje var ferdig behandla. Han kunne ikkje søke på ei anna type opphaldsløyve så lenge denne var til behandling. UDI meinte vidare at han ikkje hadde dokumentert faglært kompetanse.

I klagen skreiv han at situasjonen hans er ekstraordinær, både menneskeleg, psykisk og sosialt. Etter at han kom til Noreg har han hatt lovleg arbeid og betalt skatt. Han har fagbrev og yrkeserfaring innan reparasjon av mobiltelefoner. Han har ektefelle og barn i heimlandet som er avhengig av han. Ektefellen har helseproblemer og klarar ikkje ta vare på barna åleine. Som einaste forsørgjar opplever han store psykiske og emosjonelle utfordringar på grunn av familiesituasjonen, og han burde få opphaldsløyve på grunn av sterke menneskelege hensyn. Dersom han får opphald på grunnlag av arbeid ynskjer han å trekkje søknaden om beskyttelse.

UNEs vurdering

Lovens utgangspunkt er at ein utlending må ha fått opphaldsløyve før innreise til Noreg. Det er mange unntak frå dette utgangspunktet, og spørsmålet i saken er om klagaren er omfatta av eitt av unntakene. Klagaren hadde ikkje opphaldsløyve før han reiste inn til Noreg.

Klagaren var ikkje ein del av gruppene av personer som kan få unntak i regelverket. UNE vurderte dermed om han hadde kompetanse som faglært. Om klagaren har slik kompetanse, er det gjort unntak frå kravet til at opphaldsløyve skal vere gitt før innreise til Noreg.

Klagaren har ikkje lagt fram dokumentasjon på at han har fagutdanning som elektroreperatør/dataelektroniker. Utdanningsbeviset frå Tyrkia han la fram i søknaden viste at kurset han tok hadde ei lengd på fire månader. Dette var ikkje nok, og klagaren hadde dermed ikkje dokumentert formell kompetanse som faglært etter regelverket.

Fordi han ikkje hadde dokumentert formell kompetanse, vurderte UNE om han hadde spesielle kvalifikasjoner etter utlendingsforskriften. Han må då gjennom praktisk arbeidserfaring ha fått kompetanse som tilsvarar minst ein norsk fagutdanning på videregåande skule-nivå.

Han opplyste at han hadde jobba med reparasjon av elektronikk i Syria i ca. åtte-ni år. Dette var imidlertid ikkje dokumentert. Han hadde også jobba med det same i Norge i seks-sju månader. Dette var ikkje i seg sjølv nok, og den praktiske erfaring hans var dermed ikkje sannsynliggjort ved dokumentasjon.

I UDIs retningslinje 2013-007, pkt. 5.2 står det at Justisdepartementet har uttalt at det også kan vere hensiktsmessig med en viss fleksibilitet for asylsøkjarar som er faglærte. Klagaren var ikkje faglært. Vilkåret var derfor ikkje oppfylt.

Det var heller ikkje sterke rimelegheitsgrunner i saken som gjorde at UNE likevel vurderte søknaden. UNE såg hen til klagarens forklaring om at han ikkje tok med dokumentasjonen på arbeidserfaringa då han flykta, og at dette no er vanskeleg å få tak i. Det er imidlertid eit krav til grundig dokumentasjon på yrkeserfaring for å kunne bli ansett for å ha kompetanse som faglært.

Praktiske og økonomiske forhold, som at han var forsørgjar for familien sin i Syria, utgjorde ikkje sterke rimelegheitsgrunner åleine etter regelverket. Det at han har ektefelle og barn i heimlandet er ikkje uvanleg i slike saker, og familiens situasjon skil seg ikkje vesentleg frå situasjonen til andre, samanliknbare familiar. Det var ikkje sannsynliggjort at klagaren si ektefelle ikkje kunne gje barna tilstrekkeleg omsorg, til tross for helseplagene hennar. Klagaren hadde heller ikkje store psykiske og emosjonelle plager i slik grad at det kunne sjås på som sterke rimelegheitsgrunner.

Konklusjon

Klagaren fekk formelt avslag på søknad om midlertidig opphaldsløyve som faglært. Han fekk framleis opphalde seg i Noreg på grunn av søknad om beskyttelse til behandling hos UDI.

Var dette sammendraget nyttig?