Reglane om offentleggjering for parten er grunngitt i omsynet til rettstryggleiken til parten. Det er ein grunnleggjande garanti for rettstryggleik at parten blir gjord kjend med avgjerdsgrunnlaget og får høve til å kommentere det. FV-03 gjer nærare greie for reglane i forvaltningslova om at klagaren har rett til innsyn i dokument i si eiga utlendingssak og den sjølvstendige informasjonsplikta til UNE. Tema som blir behandla nærare, er mellom anna kven som har rett til innsyn, kva dokument som er «saksdokument», unntak frå innsynsretten og meiroffentlegheit.
Sist oppdatert:
23.02.2026
23.02.2026
FV-03: Partsinnsyn m.m.
Fagleg rettleiing (FV) gjer greie for relevante rettskjelder innanfor eit avgrensa rettsleg tema. Hovudvekta ligg på korleis rettskjeldene blir brukte i praksis i UNE.









