I praksisbasen finn du sammendrag av eit representativt utval av avgjerdane til UNE.

Føremålet med UNE sin praksisbase

Praksisbasen skal gje eit tydeleg bilete av praksisen til UNE i einskilde saker. Hovedmålgruppa for basen er advokatar og rettshjelparar. Utvalet av saker i basen skal gje ein forståing av kva som er UNE sin praksis i ulike sakstyper og ulike problemstillinger. 

Basen syner samandrag frå dei siste fem år, men det er mogleg å huke av søk i samandrag som er eldre enn fem år. 

Kva for saker finst i basen?

Sammendraga som blir lagt inn i basen er eit representativt utval av praksisen til UNE i ulike sakstyper. Alle sakstyper over ein viss storleik skal vere representert i basen. Alle stornemndavgjerder ligg i basen. Berre stornemndavgjerdene gir presedens. 

Samandraga er anonymiserte

Fordi vi i UNE har teieplikt om avgjerdene våre, er alle samandraga anonymiserte. Det skal ikkje vere mogleg å skjøne kven si sak samandraget handlar om. Dersom ein kjenner til ei sak frå før, vil det likevel kunne vere mogleg å kjenne henne igjen i praksisbasen. Dette vil vere vanskeleg å unngå for alle samandraga dersom dei i det heile teke skal kunne gi noka meining. Vi tek likevel fleire forholdsreglar for å hindre identifisering:

  • Vi lagar anonymiserte samandrag i staden for å leggje ut heile vedtak.
  • Vi skriv ikkje datoen for vedtaket, berre månad og år.
  • Vi fjernar namn, fødselsdato og saksnummer.
  • Vi gjer vårt beste for å ikkje bruke andre opplysningar som kan identifisere kven saka gjeld, utan at samandraget mistar meining.