stornemndmøte1

Temaet er om asylsøkarar frå landet bør vernast mot retur i lys av tilrådingar frå FN sin høgkommissær for flyktningar (UNHCR).

Stornemnda skal ta stilling til om den generelle tryggleikssituasjonen i Venezuela er slik at alle frå landet  har krav på vern etter utlendingslova § 28 fyrste ledd bokstav b (subsidiær beskyttelse).

Stornemnda skal mellom anna avgjere om Norge skal følgje UNCHR si tilråding om ikkje å tvangsreturnere nokon til Venezuela. Tilseier utviklinga i praksis at UNE er i ferd med å etablere ny praksis som kan vere i strid med landspesifikke tilrådingar frå UNCHR om vern, skal etter reglane minst ei representativ sak avgjerast i stornemnd.

Det siste året har UNE handsama omlag ti klager frå asylsøkarar frå Venezuela. I sju saker fekk asylsøkaren flyktningstatus på individuelt grunnlag etter utlendingslova § 28 fyrste ledd bokstav a. Tre saker vart avslått.

I punkt 10 i UNHCR tilrådingar står det:
In view of the current situation in Venezuela, UNHCR calls on States to ensure Venezuelan nationals, stateless persons or individuals who were habitually resident in Venezuela will not be deported, expelled, or in any other way forced to return to Venezuela in accordance with international refugee and human rights law. This guarantee would need to be assured either in the official residence document issued to Venezuelans or through other effective means, such as clear instructions to law enforcement agencies.

Du kan lese heile tilrådinga på Refworlds nettsider.


Fakta om stornemnd

  • Dei fleste saker i UNE vert avgjort av ein nemndleiar etter førebuing av ein saksbehandlar eller i eit nemndmøte av ein nemndleiar og to nemndmedlemmer. I heilt spesielle tilfelle blir ei sak avgjord av ei stornemnd.
  • I ei stornemnd er det tre nemndleiarar og fire nemndmedlemmer som avgjer saka.
  • Stornemndvedtak har presedensverknad for etterfølgjande saker i UDI og UNE.
  • Kva saker som kan avgjerast i stornemnd blir regulert av utlendingsforskrifta § 16-4. Det gjeld blant anna saker av prinsipiell betyding, saker med store samfunnsmessige eller økonomiske konsekvensar og saker på område der det er tendensar til ulik praksis.

Les meir