Last updated: 25/10/2025 25/10/2025

Sammendrag: Studie

Klagaren fekk ikkje opphaldsløyve for å studere norsk, fordi utdanningsinstitusjonen ikkje var godkjend. Som hovudregel blir det heller ikkje gitt opphaldsløyve for å ta norskundervisning. Det var heller ikkje sterke menneskelege omsyn eller særleg tilknytning til Noreg.

Bakgrunn

Klagaren søkte om midlertidig opphaldsløyve med formål å studere norsk ved ein utdanningsinstitusjon. Ho hadde tidlegare hatt opphald i Noreg som au pair i eit par år.

UDI avslo søknaden fordi institusjonen ikkje var ein godkjend utdanningsinstitusjon, og at det som hovudregel ikkje blir gitt opphaldsløyve for å ta norskundervisning.

UNE si vurdering

UNE viste, i likskap med UDI, til at det som hovudregel ikkje blir gitt opphaldsløyve for å ta norskundervisning. Klagaren hadde opplyst at ho ynskja å ta norskkurs for å kunne studere i Noreg på eit seinare tidspunkt. Ho hadde ikkje lagt fram uttale frå utdanningsstaden der det gjekk fram om ho fyller vilkåra for opptak til vidare studiar og om det er sannsynleg at ho vil bli tatt opp.

UNE meinte at det verken var sterke menneskelege omsyn eller særleg tilknytning til Noreg som kunne gi ho opphaldsløyve etter utlendingslova § 38. Dette er ein snever unntaksregel, og det skal svært mykje til for å få eit løyve.

UNE tok ikkje stilling til om dei andre vilkåra for eit løyve var oppfylte sidan det ikkje hadde betydning for resultatet i saka.

Var dette sammendraget nyttig?